Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Vekst og utvikling ChevronRight
  4. Utvikling hos barn ChevronRight
  5. Maslows behovspyramideChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Maslows behovspyramide

Fagarbeidarar i jobb med menneske må kjenne til våre sentrale behov. Her omtales Maslow sin behovspyramide og behovsbeskrivingar frå andre psykologar.

De ulike behovene i pyramiden beskrevet med bilder. FOTO

Psykologen Abraham Maslow beskreiv behova til menneske som ein pyramide der dei mest grunnleggjande behova kjem først. Ved hjelp av denne pyramiden viste han korleis behova styrer utviklinga og motivasjonen i mennesket. Andre psykologar har beskrive dette på andre måtar, som du kan lese meir om i denne artikkelen.

Maslows behovspyramide er delt inn i fem ulike trinn. Dei ulike trinna byggjer på kvarandre, så ein må ha dekt det nedste trinnet før ein kan «klatre» oppover i pyramiden. Behova styrer oss, og gjennom livet går vi fram og tilbake mellom nivåa i pyramiden.

  • Når eittåringen i barnehagen skrik, trenger han kanskje mat eller nye bleier.
  • Når trettenåringen er uroleg, har han kanskje behov for å bli ein del av ein fellesskap.
  • Når åttiåringen i bufellesskapet er sur og grinete, har han kanskje behov for at du respekterer han og bankar på døra før du går inn på rommet hans.

Dei ulike trinna

Fysiske behov

På det nedste trinnet i pyramiden finn vi grunnleggjande fysiske og fysiologiske behov – altså det vi må ha for å overleve:

  • mat
  • drikke
  • søvn
  • vern mot vêr og vind
  • luft
  • moglegheit for å bli kvitt avfallsstoff

Om vi er svoltne og tørste, tenkjer vi ikkje på anna og kan ikkje komme oss vidare opp i pyramiden. Kroppen seier klart ifrå dersom desse behova ikkje blir dekte. Du har sikkert opplevd korleis kroppen din reagerer dersom du ikkje har sove nok ein periode.

Små barn, sjuke eller personar med nedsett funksjonsevne er i periodar avhengige av at andre gir dei den omsorga som er nødvendig for å dekkje desse behova.

Behovet for tryggleik og sikkerheit

Desse behova blir kalla sikkerheitsbehova eller tryggleiksbehova. Kva som gjer at vi føler oss trygge, varierer frå menneske til menneske, men felles for alle er at vi ønskjer å ha det trygt rundt oss. Behov for tryggleik og sikkerheit kan omfatte

  • å ha eit nettverk av menneske som stiller opp ved behov
  • å sjekke ein ekstra gong om strykejernet er teke ut før ein legg seg
  • å ha ei tru eller eit livssyn
  • å ha ein jobb og ein trygg økonomi
  • å vite at barna går på ein sikker skule
  • å bruke sikkerheitsutstyr

Føreseielege omstende er viktige for at barn og unge skal føle tryggleik og vere i stand til å utvikle seg sosialt. God omsorg frå fagarbeidarar gjer at menneske som tek imot omsorg, opplever tryggleik og tillit. Å oppleve tryggleik og tillit er også viktig i utviklinga av sjølvkjensla til barn.

Behov for kjærleik og tilknyting

Dette blir også kalla sosiale behov.
Vi har alle behov for å ha kontakt med andre menneske, men det kan variere frå menneske til menneske kor mykje sosial omgang ein ønskjer. Det skaper tilhøyrsel å vite at andre menneske er glade i oss og aksepterer oss som vi er.

Barn og unge møter jamaldringar i barnehage og på skule og opplever at nokon bryr seg om dei. Nokon ventar på dei og etterlyser dei om dei ikkje kjem. For dei aller fleste er tilhøyrsel til familie og venner viktig for livskvalitet og helse.

Vi veit at ein del menneske opplever einsemd og saknar tilhøyrsel til andre menneske, og at dei ikkje klarer å opprette den kontakten dei har behov for.

Behovet for aksept og respekt

Vi ønskjer at andre menneske skal respektere oss for den vi er. I ein del tilfelle fører dette til at vi skjuler sider ved oss sjølve som vi trur at andre kanskje ikkje liker.

Å anerkjenne nokon kan til dømes vere at ein vaksen gir eit barn ros for noko barnet har laga eller utført – til dømes teikna ei fin teikning.

Kva slags tilbakemeldingar omgivnadene gir, påverkar sjølvbiletet vårt. Når vi blir respekterte for den vi er, opplever vi dette som aksept. Aksept gjer oss tryggare på oss sjølve og gjer at vi vågar å vere oss sjølve og prøve nye ting.

Behov for sjølvrealisering

Det øvste nivået i pyramiden handlar om ønsket vårt om å få bruke evnene våre, leve ut draumane våre og vise at vi klarer å nå dei måla vi set oss. Det kan innebere

  • å lære seg ein aktivitet, som til dømes å måle, spele eit instrument eller springe orientering
  • å delta i, eller vinne, ein konkurranse
  • å lære seg å gå igjen etter ei ulykke
  • å få sin eigen familie
  • å ta eit fagbrev eller å studere vidare

Kva for nokre behov kvar enkelt har på dette nivået, varierer mykje. Vi har ulike forventingar og ulike føresetnader. Behovet for sjølvrealisering handlar om å nå eigne mål.

For å setje denne teorien om behov i praktisk samanheng må vi sjå på han i lys av døme frå aktivitetar i ein barnehage elle SFO. Då knyter vi aktivitetar som barn er med på, opp mot behovspyramiden.

Måltidet som døme

Barna sitt ved bordet og et. Dei får dekt dei fysiske og fysiologiske behova sine og blir mette.

Når dei sit rundt bordet, sit det som regel vaksne saman med dei. Barna får vaksenkontakt og føler at nokon passar på dei. Dette gjer at barna føler seg trygge.

Å sitje rundt eit bord er ein fin måte å trene sosiale ferdigheiter på. Dei må til dømes be andre om å sende dei pålegg, mjølk og liknande.

Barna må kommunisere med andre, og om dei til dømes klarer å smørje på brødskiva sjølve, og får ros for det, opplever dei aksept og respekt for det dei gjer.

Dette verkar på sjølvbiletet til barna. Dei har fått dekt behova på dei fire føregåande nivåa, og dei har no krefter til å kunne verkeleggjere mål og å realisere ønske som kjennest som høgdepunkt for barnet. Dette gjer at barna får realisert seg sjølve. Dei føler meistring og lærer noko nytt.

Kritikk av Maslows behovspyramide

Maslow meinte at behova bygde på kvarandre, og at ein først kunne bevege seg oppover i pyramiden når behova på nivåa under var dekte. I dag er dei fleste einige om at dette ikkje er absolutt. Vi kan tilfredsstille fleire behov samtidig, og vi kan oppleve at behovet for å bli akseptert blir tilfredsstilt sjølv om vi til dømes er svoltne.

Læringsressursar

Utvikling hos barn

SubjectEmne

Fagstoff