Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
  4. Lærlingen sin dag i skolenChevronRight
LearningPath
Du er nå inne i en læringssti
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ein skuletime på småtrinnet

Lærlingen i barne- og ungdomsarbeiderfaget fortel om arbeidet på ein barneskule og døme på ein skuletime på småtrinnet.

I klasserommet. Foto.

Barneskule

Som lærling i barneskulen er eg med i dei timane det er bruk for ekstra hjelp. Det kan vere elevar som treng hjelp til å løyse oppgåver, medan andre treng hjelp ved fysisk aktivitet. Barn på småtrinnet har ofte behov for ekstra hjelp eller støtte til lesing, skriving, rekning, bruk av data, formgiving og kroppsøving, eller dei treng hjelp i andre fag.

Døme på ein skuletime

Det er matematikktime. Elevane har fått utdelt oppgåver på ark som dei skal gjere etter at dei er ferdige med den sida dei arbeider med i rekneboka. Timen varer i 45 minutt. Vi har bestemt at klassen skal delast opp i tre grupper, og at alle kan få høve til å arbeide 15 minutt kvar på data. Eg er ansvarleg for dataundervisninga. Den første gruppa kjem så snart dei er inne frå friminuttet og timen har starta.

Vi bruker ulike matematikksider på nettet, og barna er veldig fornøgde med det dei får jobbe med på datamaskinen. Samtidig unngår vi aldri heilt at det blir diskusjonar, støy eller for mykje snakk mellom elevane. Denne uroa gjer at ikkje alle får den hjelpa dei treng, og derfor er det viktig at eg prøver å alltid vere til stades for alle.

Nokre gonger kan ein skuletime vere krevjande

Det gjeld særleg dersom nokre elevar forstyrrar både læraren og dei andre elevane i rommet. Det kan vere at nokon stiller spørsmål utan å rekkje opp handa, eller at elevar vandrar rundt i klasserommet og pratar med andre elevar. Andre kan tromme med fingrane på pulten og vippe på stolen så dei lagar ubehagelege lydar. Slike situasjonar er nok ganske vanlege i dei fleste skular.

Det kan ofte vere vanskeleg å halde ro og orden i desse timane. Som barne- og ungdomsarbeidar er det viktig at du set grenser, og at du tek deg tid til å prate med alle elevane som treng det. Du kan vise at du har observert oppførselen til enkelte elevar utan at du gir det spesielt mykje merksemd. Samtidig er det nokre gonger er nødvendig å vere veldig tydeleg på kva reglar som gjeld.