1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. KommunikasjonsteknologiChevronRight
  4. Kommunikasjon med TollvesenetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kommunikasjon med Tollvesenet

Her lærer du hvordan du skal kommunisere med Tollvesenet ved grensepassering.

Frister for forhåndsvarling
Fristar for førehandsvarsling.

Ved grensepassering inn og ut av Noreg skal Tollvesenet ha informasjon dersom du har med deg toll-, avgifts- eller lisenspliktige varer. Tollvesenet har utarbeidd ein innførselsrettleiar for import av varer til Noreg og ein utførselsrettleiar for eksport av varer frå Noreg. I innførselsrettleiaren finn du oppdatert informasjon om sjåføren sine plikter når ein kjem til Noreg.

Føraren sine plikter når ein kjem til Noreg

Publisert: 20.04.2010

Førarar av alle typar transportmiddel som kjem til Noreg med varer, pliktar å melde frå til Tollvesenet.

Førarar av køyretøy pliktar å stoppe og melde frå ved grensepassering om varer som er tekne med. Unnateke frå dette er private køyretøy som ikkje tek med varer ut over toll- og avgiftsfri kvote som reisande.

I tillegg inneheld rettleiarane informasjon om ansvaret til transportørar, vareeigarar og tollagerhaldarar.

Om du kjem til grensa til Noreg frå eit land utanfor EU, skal Tollvesenet ha elektronisk førehandsvarsel om at du kjem innan fastsette fristar.

* Kortdistanse: Flytid under fire timar
** Langdistanse: Flytid på fire timar eller meir

Den som transporterer varene over grensa, er ansvarleg for å sende førehandsvarsel. Både importørar, eksportørar, transportørar og deklarantar kan gi førehandsvarsel. Aktørar som er involverte i ein transport, må sjølve avtale seg imellom korleis informasjonen skal utvekslast, og kven som skal førehandsvarslast.

Læringsressursar

Kommunikasjonsteknologi