1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Tekniske og servicerelaterte hjelpemiddelChevronRight
  4. Hjelpemiddel ved persontransportChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Hjelpemiddel ved persontransport

Her lærer du om ulike tekniske hjelpemiddel som moderne bussar er utstyrte med, og litt om bruken av dei.

Passasjer betaler med elektronisk periodekort på buss. foto.

Alle transportkundar ventar i dag at dei skal få dekt transportbehova sine på ein god måte. Transportkundar har likevel ulike behov, og for å kunne innfri desse behova på ein god måte må du vere i stand til å identifisere dei. Til disposisjon for å innfri behova har du

  • tekniske hjelpemiddel i bussen
  • deg sjølv
  • det administrative støtteapparatet til arbeidsgivaren din
  • infrastrukturen rundt deg

Tabellen inneheld ei oversikt over dei viktigaste hjelpemidla. Tabellen er utforma som ei sjekkliste som både serviceavdelinga og du sjølv kan bruke for å kontrollere at hjelpemidla er ok. Mange hjelpemiddel må kontrollerast før bussen blir sett i rute. Mykje av utstyret i ein buss er det passasjerane sjølve som betener, og dette utstyret bør derfor fungere. Det er irriterande for ein passasjer om ikkje leselyset fungerer ein mørk kveld. Det er også irriterande om bussklokka viser feil tid, eller om anna utstyr ikkje fungerer som det skal. Overalt der det er montert sikkerheitsbelte, er det påbode å bruke dei. Ofte kan det vere manglar ved sikkerheitsbelta. Slike manglar må utbetrast før vogna blir sett i trafikk.

Hjelpemiddel Brukarar som hjelpemidlet er meint for OK? (Ja/Nei)
Overvakingskamera Sjåfør
Kjettingar Sjåfør ved glatt føre
Sandstrøar Sjåfør ved glatt føre
Brannsløkkar Sjåfør Dato sist sjekka?
Mikrofon Alle
Klokke Alle
Førstehjelpsutstyr Alle
Bagasjerom Passasjerar med bagasje
Kneling/lasterampe Brukarar med stokk og krykker, eldre passasjerar, passasjerar med barnevogn, rullestolbrukarar
Billettmaskin Passasjerar som ikkje har betalt på førehand
Hittegodslappar Alle
«Eg reiser åleine»-lapp Barn som reiser åleine
Kortlesarar Alle
Toalett Alle Toalettpapir? Handsåpe?
Kaffi- og temaskin Vaksne langreisepassasjerar Vatn, koppar, filter?
Sikkerheitsbelte Alle, der belte er montert
Stoppknappar Alle
Regulerbare sete Alle
System for automatisk haldeplassannonsering Alle
Teleslynge Døve
Rullestol- og lasterampe Rullestolbrukarar og passasjerar med barnevogn
Internett Pc- og mobiltelefonbrukarar med internettsamband
Bussjukeposar Alle
Søppelposar Alle
Leselys i hattehylle Alle
Temperaturregulering – aircondition Alle
Skilt for neste stopp/haldeplass Alle (unnateke blinde og svaksynte)
Tidstabellar Alle
Skiftplanar Sjåførar
Vognplanar Sjåførar

Tabell: Oversikt over hjelpeutstyr som må fungere i ein buss

Selskapet du arbeider i, vil gi deg opplæring i bruken av dei ulike tekniske hjelpemidla. Dei personlege hjelpemidla du har, må du vere medviten om å bruke riktig i dei ulike situasjonane som kan oppstå.

Læringsressursar

Tekniske og servicerelaterte hjelpemiddel

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs