Hopp til innhald

  1. Home
  2. Matematikk for yrkesfaglige programmerChevronRight
  3. Tal og algebraChevronRight
  4. TalrekningChevronRight
  5. Talmengder og talintervallChevronRight
LearningPath
Du er nå inne i en læringssti

Introduksjon

Tal er abstrakte matematiske omgrep. Vi må knyte tala til noko konkret for å få ei kjensle av å forstå dei. Vi kan dele tala i talmengder og talintervall og utføre rekneoperasjoner på dei.

 

Når du er ferdig med denne læringsstien, skal du

  • vite kva som kjenneteiknar talmengdene naturlege tal, heile tal, rasjonale tal, reelle tal og irrasjonelle tal
  • vite skilnaden på opne, halvopne og lukka talintervall
  • kunne lese og tolke talmengder og talintervall
  • forstå kva eit talintervall inneheld, og at det finst tal som ikkje er reelle