Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. Førebygging av ran og svinnChevronRight
  4. Svinn ved varemottak og på lager ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Svinn ved varemottak og på lager

For å hindre svinn er det viktig med gode rutinar for mottak av varer. Dei tilsette bør også få god opplæring slik at dei kan sjekke varene som kjem inn til lageret.

To menn losser varer fra en lastebil. Foto.

Å sjekke varer ved mottak betyr blant anna å

  1. kontrollere pakksetelen mot det som er bestilt
  2. kontrollere at mengda ein får, stemmer med pakksetelen
  3. kontrollere at det er samsvar mellom pakksetel og faktura
  4. kontrollere at varene er i god stand, og at prisane er som avtala
Varemottak på lageret.
Varemottak på lageret.

Visste du at IKEA-gründeren Ingvar Kamprad alltid først går på lageret når han vil sjå på ei bedrift eller eit IKEA-varehus? Han meiner at ein ved å sjå på lageret kan slå fast om ei bedrift er lønnsam eller ikkje!

Andre ting dei lagertilsette bør passe på:

  • Det bør vere faste dagar og tider for levering av varer.
  • Ikkje la leverandøren vere aleine på lageret.
  • Lås alltid døra.

Avvik ved varemottak

Av og til er det feil på leveransen, og då må ein skrive det opp. Det beste er då at bedrifta bruker eit fast skjema. Dette kan du lage sjølv, eller du kan bruke eit slikt som i

Lager

På lageret kan det oppstå svinn fordi varer blir øydelagde (frukt, grønt, glas og liknande).

Frå eit lager kan det også bli stole varer. Varemottaket er ein del av lageret, og sånn sett vil svinn på varemottak også vere svinn på lager.

Lager og varemottak overlappar med omsyn til svinn.
Lager og varemottak overlappar når det gjeld svinn.

Tiltak for å hindre svinn frå lager er

  • oversiktlege varebehaldningar
  • riktig temperatur i forhold til type varer
  • gode rutinar for låsing av lageret
  • tilgang til lageret berre for dei som bør ha det
  • registrering i ei svinnoversikt: Alt som blir øydelagd eller som ein ikkje kan selje, skal ein registrere, i ei bok eller elektronisk.

Læringsressursar

Førebygging av ran og svinn

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter