Overvaking av korleis tilsette bruker IT-system - Brukarstøtte (IM-ITK vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Overvaking av korleis tilsette bruker IT-system

Datasystem og nettverk gir arbeidsgivarar høve til å overvake korleis dei tilsette bruker datamaskinene til verksemda, men det er reglar for kva det er lov å overvake, og korleis det skal gjerast.

Logging og overvaking

Dei fleste datasystem har automatiske loggfunksjonar, og det er ofte nødvendig av omsyn til sikkerheita.

Det er derfor lov å registrere kven som har forsøkt å logge seg på, og om det vart godteke eller ikkje. Det er òg vanleg å logge kven som til kvar tid bruker ulike filer og program, internettaktivitet og utskrifter.

Slike loggar kan brukast til systemadministrasjon og sikkerheit, men dersom verksemda vil bruke informasjonen til noko anna, må dei tilsette gi samtykke til det.

IT-reglement

Dei fleste verksemder har reglar for kva det er lov å bruke datamaskinene og nettverket til verksemda til. Til dømes er det ikkje lov å laste ned musikk eller filmar, installere program, surfe på visse typar nettsider eller bruke maskinene til private formål.

Arbeidsgivaren kan overvake bruken av IT-systemet for å passe på at ingen bryt reglane, men overvakinga skal skje på gruppenivå, ikkje på personnivå. Det vil seie at arbeidsgivaren skal kunne sjå om reglane blir brotne, men ikkje kven som bryt dei.

Arbeidsgivaren skal gi dei tilsette beskjed om at det vil bli kontrollert kven som bryt reglane, dersom aktiviteten ikkje held opp innan ein gitt frist. Dersom regelbrota held fram, kan arbeidsgivaren, utan samtykke frå dei tilsette, bruke loggane til å finne ut kven som står bak.

Kva har arbeidsgivaren eigentleg lov til?

Arbeidsgivaren kan ikkje utan vidare kartleggje kor mykje tid kvar enkelt tilsett bruker på internett, eller kva internettsider dei besøkjer. Loggane kan til dømes ikkje nyttast til overvaking av dei tilsette til bruk ved oppseiingar. Slik bruk av loggopplysningar skal meldast til Datatilsynet.

Sidan det vanlegvis er IT-medarbeidarar som er ansvarlege for systemloggar og skal utføre sjølve overvakinga, er det viktig at du kjenner desse reglane godt og veit kva du kan og ikkje kan gjere.

Relatert innhald

Skrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 17.01.2022