Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis førebu seg til skriftleg eksamen i kommunikasjon og kultur 3?

På eksamensdagen er det mange faktorar som speler inn – både nervar og tidspress. Då er det godt å ha førebudd seg ved å øve på eksamensgjennomføringa, slik at du slepp å bruke tid på å orientere deg om korleis det blir gjort.
Kvinne ser opp og tenker. Ei mengde teikn og figurar svevar i lufta bak henne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva skal eg bruke førebuingsdagen til?

Viss du blir trekt ut til å ha skriftleg eksamen i kommunikasjon og kultur 3, får du ein førebuingsdag på skulen. Då kan ein faglærar gi deg rettleiing, men ikkje undervisning. På denne dagen får de utdelt tekstar som tek for seg eit overordna tema, og desse tekstane har to funksjonar:

  1. Dei gir deg kunnskap om eit tema som eksamensoppgåvene vil handle om.

  2. Somme av dei skal vere direkte grunnlag for eksamensoppgåvene.

Bruk førebuingsdagen til å bli godt kjend med desse tekstane, slik at du slepp å bruke tid på å lese igjennom dei på sjølve eksamensdagen.

Eksempeloppgåve frå Utdaningsdirektoratet

I denne eksempeloppgåva frå Udir kan du studere tekstane som ligg i førebuingsdelen:

Utdanningsdirektoratet: Eksempeloppgåve i kommunikasjon og kultur 3 (krev passord)

Korleis jobbe med tekstane i førebuingsdelen?

Her får du nokre tips:

  • Les eller sjå gjennom kvar enkelt tekst. Skriv så eit kort samandrag av innhaldet, og kva du meiner er hovudtemaet han tek opp.

  • Skriv ut tekstar som eignar seg til det og bruk penn til å streke under viktige ord og formuleringar.

  • Noter omgrep frå faget som du meiner kan belyse teksten på ein god måte.

  • Diskuter med nokon, eller reflekter åleine, over likskapar og forskjellar mellom tekstane når det gjeld tema, perspektiv, avsendar, mottakar, form, innhald, kontekst, visuelle element og språk.

Prøv ut ulike innfallsvinklar til tekstane

Ein viktig kompetanse i kommunkjasjon og kultur 3 er å sjølv velje kva teoriar og omgrep du skal bruke for å drøfte og reflektere over kommunikasjon, ulike kulturuttrykk og tekstar. Derfor kan det vere nyttig å prøve ut ulike innfallsvinklar til tekstane på førehand.

Under finn du ei oversikt over artiklar med viktige teoriar og analyseverktøy i faget. Vurder kva for nokre av desse ulike tilnærmingane som kan passe til å analysere og kommentere kvar enkelt av tekstane i førebuingsdelen:

Du kan lese meir om korleis du kan gå fram for å velje teoriar og innfallsvinklar til tekstar i artikkelen "Korleis velje teori og metode til analyseoppgåver?".

Plukk fagomgrep

Du kan òg plukke fagomgrep på tvers av teoriar og analyseverktøy, og i artikkelen "Øv på omgrep om kultur, kommunikasjon og tekst" finn du dei fleste av omgrepa frå oversikta over.

Bla deg igjennom omgrepskorta og prøv å bruke omgrepa til å beskrive ulike sider ved tekstane. Ved å gjere dette opplever du kanskje at ulike omgrep lar deg "gripe" tekstane på mange ulike måtar.

Etter gjennomgangen av omgrepskorta er det lurt å notere ned dei omgrepa du synest kan belyse ulike sider ved tekstane i førebuingsdelen på ein interessant måte.

Øv på å samanlikne

I eksempeloppgåve 3 frå Udir blir du beden om å samanlikne ulike tekstar. I ei samanlikning skal du sjå etter likskapar og forskjellar, og du må velje kva sider av tekstane du skal sjå på. Det kan vere nyttig å samanlikne både tema, kontekst, ideologi og perspektiv, språk, sjanger, avsendarar og mottakarar og estetisk uttrykk. Du kan lese meir om korleis du kan gå fram for å samanlikne tekstar i artikkelen "Gjer ein samanliknande analyse av sjølvvalt tekstutval".

Korleis blir eksamensoppgåvene?

I kommunikasjon og kultur 3 får du tre oppgåver du skal svare på. Dei to første oppgåvene er korte, rundt 250 ord, mens den siste er ei lengre skriveoppgåve. Oppgåve 3 blir vekta mest, 50 prosent, mens dei andre to blir vekta 25 prosent kvar.

Udir har lagt ut eksempeloppgåver på eksamen etter den nye læreplanen i kommunikasjon og kultur 3. Desse oppgåvene skal gi deg ein idé om kva slags type oppgåver som kjem på eksamen. I eksempelsettet er oppgåvene slik:

Oppgåve 1

Oppgåva tek utgangspunkt i ein kampanje frå Kirkens Bymisjon – ein tekst som ikkje var i førebuingsdelen. Oppgåva ber deg om å kort vurdere bruk av visuelle og verbale element, og kor godt teksten formidlar bodskapen til mottakarane.

Oppgåve 2

Oppgåva tek utgangspunkt i ein av tekstane frå førebuingdelen – eit klipp frå NRK-serien Heimebane med transkripsjon av dialogen. Du skal gjere greie for korleis du kan analysere kommunikasjonen ved hjelp av omgrep frå pragmatikken og belyse dette med minst eit døme. Her skal du altså ikkje gjere ein analyse, men vise at du kan gjere greie for innhaldet i ulike teoriar og omgrep, og at du meistrar det å bruke dei til ulike formål.

Oppgåve 3

Oppgåva tek utgangspunkt i ein annan av tekstane frå førebuingsdelen – kronikken "Når er en same god nok?" av Egil Pedersen. Du skal samanlikne teksten med to sjølvvalde tekstar frå førebuingdelen. Deretter skal du skrive ein lengre tekst, der du drøftar korleis tekstar kan "skape, bevare og utfordre kulturers forståelse av tilhørighet og utenforskap".

Hjelpemiddel og kjelder

Sjølve eksamen er no heildigital. Han går føre seg inne i Udir sitt nye eksamenssystem, der du blir guida gjennom trinn for trinn. På sjølve eksamensdagen har du fem timar på deg til å skrive og levere inn svar på dei tre oppgåvene i eksamenssettet.

I januar 2023 blei det avgjort at elevar ikkje får tilgang til internett under eksamen i kommunikasjon og kultur 3. Årsaka er dei nye verktøya som bruker kunstig intelligens og kan generere ganske gode eksamenssvar. Du får likevel tilgang til eit avgrensa utval nettressursar. Desse kan du studere på sidene "Nettressurser til eksamen" på Vigo IKS.

Du kan òg bruke kjelder som du har lasta ned lokalt på maskina di, og desse må du gi opp. Du må gi denne informasjonen om kjeldene dine:

  • namn på forfattar(ar)

  • tittel på teksten

  • adressa til nettbaserte kjelder

  • datoen du lasta kjeldene ned

Oppsummert

  • Jobb grundig med tekstane på førebuingsdagen.

  • Ta med notat med eit samandrag av kvar tekst og tankane dine om tematikken i teksten.

  • Noter kva teoriar og omgrep som kan passe til å analysere og kommentere tekstane.

  • Last ned kjelder du trur du kan få bruk for, slik at du har tilgang til dei også utan nett.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 25.01.2023

Læringsressursar

Om faget