Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Nasjonale sjølvbilete i Hyttebok frå helvete

Kva finn Are Kalvø ut om det norske sjølvbiletet når han ser med eit humoristisk blikk på nordmenns forhold til naturen og friluftsliv?
Hytte i kystlandskap. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Underleggjering er eit mykje brukt verkemiddel i stand-up-sjangeren, der publikum blir invitert til å sjå det rare og morosame i vanlege trekk ved sin eigen kultur. Vi kan seie at komikarar gjer ein slags analyse av kulturelle forestillingar, normer og verdiar som vi vanlegvis tek for gitte. I boka Hva er humor? beskriv Markus Gaupås Johansen det på denne måten: "Komikerens jobb er å stille hodet på skakke og spørre 'Hva er nå dette egentlig?' " (Johansen, 2020, s. 8).

I framsyninga Hyttebok frå helvete er det akkurat det forfattar og komikar Are Kalvø gjer med nordmenns forhold til naturen og friluftsliv. Kva er det som ligg bak den norske iveren etter å gå ut i naturen og ta bilete av seg sjølv med armane i vêret på ein fjelltopp?

Del 1. Hyttebok frå helvete

Sjå framsyninga på NRKs nettsider, og svar på spørsmåla under.

NRK: Are Kalvø: Hyttebok frå helvete

  1. Kor mange i Noregs befolkning svarte "ja" på spørsmål om dei har vore på tur i naturen dei siste 12 månadene? Kva tenkjer du dette seier om kulturelle normer og verdiar i Noreg?

  2. Are Kalvø føretrekker å gå på pub i byen framfor å gå på tur i skog og fjell. Kva slags ulike verdiar meiner du ligg bak desse to fritidsaktivitetane?

  3. Narkotika, religion og friluftsliv. Kva er problemet Kalvø har med desse? Kva parallellar ser han når han samanliknar religion og friluftsliv? Prøv å gjere google-eksperimentet han snakkar om!

  4. Kalvø snakkar om bilete av friluftsliv på sosiale medium. Kva er det vi prøver å seie om oss sjølve når vi legg ut sånne bilete på sosiale medium? Kva seier Kalvø om kvifor politikarar let seg avbilde i naturen?

  5. "Folk i naturen lyg og skryter", seier Kalvø. Kva slags normer og verdiar ligg bak lyginga og skrytinga om Besseggen og andre fjellturar?

  6. Korleis beskriv Kalvø samfunnsutviklinga som har ført til at vi har så mykje tid til friluftsliv som vi har i dag?

  7. Kva seier han om korleis utviklinga i kommunikasjonsteknologi frå fasttelefon til mobiltelefon har påverka kvardagen?

  8. På slutten av framsyninga snakkar Are Kalvø om mirakel, og at det er folk som står bak. Kva trur du han vil vi skal tenkje over med denne avslutninga?

  9. Kan du svare på spørsmålet i innleiinga av oppgåva no – Kva er det som ligg bak den norske iveren etter å gå ut i naturen og ta bilete av seg sjølv med armane i vêret på ein fjelltopp?

Del 2. Analyser tekstar om friluftsliv

  • Finn tekstar om friluftsliv både på nett og i papirform. Det kan vere reklamar for utstyr og klede, innlegg i sosiale medium og artiklar, reportasjar og anna redaksjonelt innhald i ulike medium. Finn du tekstar som både stadfestar og utfordrar førestillingar om norskdom, naturen og friluftsliv?

  • Vel to eller fleire tekstar og gjer ein analyse der du ser etter kva slags verkelegheitsforståingar, verdiar og normer som kjem fram i tekstane. Bruk refleksjonane du har gjort i arbeidet med Hyttebok frå helvete i analysen.

  • Vel sjølv omgrep, teoriar og analyseverktøy som du synest er relevante til den typen tekstar du vel.

Kjelde

Johansen, M. G. (2020). Hva er humor? Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 11.12.2021

Læringsressursar

Tekstkultur og sjanger