Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Musikkvideo-bingo

Kva uttrykksmåtar og verkemiddel blir brukte igjen og igjen i musikkvideoar? Finn klisjéane og spel musikkvideobingo!
Eldre damer speler bingo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Har du lagt merke til at det er mange motiv, uttrykksmåtar og verkemiddel som går igjen i musikkvideoar? Når uttrykksmåtar og verkemiddel blir gjenbrukte i tekstar på denne måten, kan vi kalle dei . I denne oppgåva skal de finne mykje brukte trekk ved musikkvideoar, og bruke dei til å spele bingo.

Til lærar:

I denne oppgåva skal elevane identifisere velbrukte motiv og verkemiddel i musikkvideoar. Etter dei ulike stega i forarbeidet samlar du listene, vel ut dei beste bidraga, og fyller ut bingobrett-malane som er vedlagte i oppgåva.

Legg inn dei utvalde klisjéane i bretta. Hugs at bretta må vere ulike for å unngå at alle får bingo samtidig.

NB: Det ligg òg ferdigutfylte bingobrett som kan brukast. Desse har vorte utarbeidde av ein vg2-klasse i medie- og informasjonskunnskap 1 ved Kongsberg vidaregåande skule.

Del 1. Lag ei liste over musikkvideoklisjéar

Videoen "What they do" med The Roots frå 1995 handlar nettopp om slike klisjéar, spesielt i videoar i hiphop-sjangeren. Det kan vere fint å sjå denne videoen først, for å komme i gang med arbeidet med å identifisere musikkvideoklisjéar som kan brukast i bingo-spelet.

  1. Sjå musikkvideoen The Roots: What they do (with text) på YouTube, og lag ei liste over klisjéane som denne parodien peiker på.

  2. Sjå musikkvideoen T-Section: Grensen på YouTube. Kjenner de igjen motiv og verkemiddel frå The Roots-videoen i denne? Noter òg nye verkemiddel og motiv som de legg merke til i "Grensen".

  3. Gå saman i par og vel to musikkvideoar som de har lyst til å sjå nærare på. Kriterium for utveljing kan vere at de meiner han er veldig typisk for si tid, for ein musikk-sjanger, eller at han er populær akkurat no.

  4. Noter verkemiddel og motiv som de ser i musikkvideoane de har valt.

Filer

Filer

Del 2. Spel bingo!

Del ut bingobretta i klassen. De kan spele i par, mindre grupper eller individuelt. Spel musikkvideoar frå lista med videoar som klassen har valt ut i punkt c over.

Spelereglar

  • Kryss av for klisjéane du støyter på i dei ulike videoane.

  • I feltet med stjerna kan du fylle ut ein ny klisjé om du oppdagar det undervegs.

  • Du har bingo når du har fylt ut ei rad vassrett, loddrett eller diagonalt.

  • Når du har bingo, roper du det ut i klasserommet og seier kva klisjéar du har funne.

  • Spelet kan vare så kort eller lenge de ønsker: til første "bingo", til alle har fått bingo, eller til første fullt utfylte brett.

Del 3. Reflekter: Kva betyr klisjéane?

Etter å ha spelt musikkvideobingo vel de ein klisjé som de skal analysere nærare i par eller individuelt. Diskuter og reflekter over desse spørsmåla:

  • Korleis blir klisjéen brukt i dei ulike videoane de har sett på?

  • Korleis tolkar de funksjonen til eller betydninga av klisjéen? Skapar han bestemde stemningar, formidlar han bestemde verdiar, eller signaliserer han bestemde identitetar eller tilhøyrsel til bestemde grupper?

  • Kvar trur de klisjéen kjem frå, og kvifor blir han brukt så mykje?

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2022

Læringsressursar

Tekstkultur og sjanger