Hopp til innhald
Fagartikkel

Kulturelle dimensjonar: individualisme vs. kollektivisme

Ulike kulturelle fellesskapar kan ha ulike grader av individualisme og kollektivisme. Kva faktorar består desse to kulturelle dimensjonane av?

Sjølvstende er den viktigaste norske verdien, ifølgje Harald Eia i denne episoden av NRK-programmet Typisk norsk. Dette er ein viktig verdi i det vi kan kalle individualistiske kulturar.

Geert Hofstede utvikla ein modell om kulturelle dimensjonar for å gi retningslinjer til kommunikasjon på tvers av kulturar. / er ein av dimensjonane i modellen, og Noreg er eit av landa som skårar høgt på individualisme.

Utforsk

Du kan samanlikne Noreg med andre land på denne nettstaden som er basert på Geert Hofstedes teori om kulturelle dimensjonar:

Hofstede Insights: Compare cultures

Kritikk og atterhald

Teorien til Geert Hofstede kan kritiserast for å bruke nasjonar som kulturelle einingar, sidan dei fleste land inneheld mange ulike kulturelle fellesskapar. Dimensjonane kan likevel vere ein nyttig analysereiskap viss du har fagkunnskap om ulike tilnærmingar til kultur og dei konsekvensane dei kan ha.

Nasjonalkulturar som den norske er altså ikkje noko vi kan definere ut frå einskaplege og avgrensa skildringar, men dei kulturelle dimensjonane kan likevel beskrive nokre generelle trekk ved eit samfunn. I tabellen under har vi samla ulike faktorar som kjenneteiknar individualisme og kollektivisme.

Kulturelle dimensjonar

Individualistisk kultur

Kollektivistisk kultur

Familie

  • Kjernefamilie
  • Storfamilie

Individ/kollektiv

  • Prioritering av interessene til individet framfor interessene i gruppa

  • "Eg-kultur"

  • Prioritering av interessene i gruppa framfor interessene til individet

  • "Vi-kultur"

Samliv

  • Kvart individ vel partnarar og ektefelle.

  • Partnar/ektefelle blir vald av familien.

Maktforhold

  • Individet bestemmer sjølv.
  • Reglar og pliktar som forhandlingsgrunnlag
  • Ytre autoritet
  • Patriarkalsk struktur
  • Fastlagde plikter og rettar

Kjønnsroller

  • Likeverdige og symmetriske roller
  • Hierarkiske roller med klare skilje mellom kjønna
  • Kjønnsdelte funksjonar

Barneoppdraging

  • Barn og unge blir oppdregne til sjølvstende og lausriving frå foreldra.
  • Det er forventning om meir sjølvstende etter kvart som barnet blir eldre.
  • Barn og unge blir oppdregne til å vere lojale og lydige mot fellesskapen.
  • Sjølvstendet blir innskrenka etter kvart som barnet blir eldre.

Tenk over / diskuter

Gir det meining å beskrive norsk kultur som individualistisk? Kan du tenkje deg kulturelle fellesskapar innan det norske samfunnet som har større innslag av kollektivisme?

Kjelde

Hofstede, G. (2011). Dimensionalizing Cultures: The Hofstede Model. Online readings in psychology and culture, 2(1). https://doi.org/10.9707/2307-0919.1014

Relatert innhald