Hopp til innhald

Fagstoff

Tekstkulturar og samfunnet

Måten vi samhandlar gjennom tekstar på er stadig i utvikling. Korleis påverkar kultur- og samfunnsendringar tekstkulturar?
Eldre reklame for Gilde. Ei smilande kvinne med eit lite barn ved sida av seg står ved kjøkkenbenken og smiler med ei rekkje kjøtvarer og grønsaker framfor seg. I bakgrunnen sit fleire personar ved eit dekt bord. Biletet er i bruntonar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tekstkulturar er ulike fellesskapar som har sine eigne praksisar og idéar om å samhandle gjennom tekst. Når samfunnet og kulturen forandrar seg, skaper det endringar i korleis vi skaper og bruker tekstar.

Tenk over / diskuter

Kva er det med reklamen over som tyder på at han ikkje er frå notida? Kva slags utvikling i samfunnet og kulturen kan forklare dette?

Tekstkulturar: store utviklingslinjer

Forteljingar har vore viktige for samhandling sidan mennesket byrja å overføre mytar, eventyr og andre forteljingar munnleg frå generasjon til generasjon. Etter kvart vart desse skrivne ned. Lenge vart tekstar skrivne for hand på dyreskinn, trebitar, stein, pergament og papyrus. Det var ofte berre ei lita gruppe i samfunnet som kunne å skrive, og tekstar kunne berre kopierast for hand, noko som tok lang tid.

For 600 år sidan vart trykkpressa oppfunnen. Så kom filmen, radioen og fjernsynet, og med satellittoverføring kunne informasjon for første gong overførast frå den eine sida av kloden til den andre på ein augneblink. I dagens digitale samfunn har vi fått eit mylder av måtar å samhandle med tekst på. Internett og smarttelefonar har gitt oss interaktivitet, globale nettverk og moglegheita til å produsere og dele multimodale tekstar på lik linje med kommersielle aktørar.

Kulturen påverkar form og innhald

Den kulturelle konteksten skaper moglegheiter eller legg avgrensingar for korleis vi kan samhandle gjennom tekstar. Verdiar og normer regulerer samhandling i samfunnet generelt, og desse er òg med på å forme korleis vi skaper, tolkar og stiller oss til tekstar. Når kulturen endrar seg, påverkar det òg form og innhald i tekstane vi bruker.

Eit døme er at korleis vi framstiller oss sjølve i bileta vi legg ut på sosiale medium, ofte er forma av normer og verdiar knytte til skjønnheit og kjønn.

Tenk over / diskuter

Kulturelle verdiar som individualisme og materialisme pregar nokre kulturelle fellesskapar meir enn andre. Korleis trur du dette påverkar tekstkulturen?

Makt og tekstkulturar

Maktforhold i samfunnet er òg ein faktor som formar tekstkulturar. Viss vi ser på skulen som ein eigen tekstkultur, kan vi seie at endringar i maktforholdet mellom lærar og elev har påverka korleis vi samhandlar med tekstar i skulen. I skulen i dag står rettane til elevane sterkt, og mange av tekstpraksisane til skulen handlar om å dokumentere at retningslinjene for vurdering, undervisning og skulemiljø har vorte følgde. Å lage og bruke vurderingskriterium er ein slik tekstpraksis som har utvikla seg på bakgrunn av desse endringane i elevsynet i skulen som institusjon.

Ulike modalitetar og teksttypar kan òg ha ulik status i tekstkulturar. I skulen har den skriftlege teksten høgast status (Løvland, 2010). Dei som meistrar teksttypane og uttrykksformene med høg status i ein tekstkultur, har òg makt.

Det er ikkje alle som har like stor moglegheit til å lykkast i tekstkulturen til skulen. Sosiale faktorar som utdanningsnivået til foreldra, om dei har vorte lesne for som barn, eller kva som blir diskutert rundt middagsbordet, gir moglegheiter eller avgrensingar for elevane både når dei skal lese og forstå tekstane til skulen, og når dei skal skape eigne tekstar.

Marknaden bestemmer

Marknaden er òg ein maktfaktor når det gjeld tekstkulturar. Marknadskreftene bestemmer i mange tilfelle kven som får uttrykkje seg gjennom tekstar, og kva slags innhald og form tekstane skal ha. Dette gjeld ofte tv-seriar, filmar, bokutgivingar og ulikt innhald på sosiale medium. Her kan dei som betaler for det, bli meir synlege og få auka spreiing av innhaldet sitt.

Tenk over / diskuter

Kven har makt i tekstkulturen til skulen?

Kva maktfaktorar trur du påverkar innhald, form og avsendar i seriar du ser på?

Kjelde

Pyysiäinen, J. (2021, 8. februar). Sociocultural affordances and enactment of agency: A transactional view. Theory and psychology, 31(4),491–512. https://doi.org/10.1177/0959354321989431

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 10.12.2021

Læringsressursar

Tekstkultur og sjanger