Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Yayoi Kusama og estetikken

Bruk kunnskap om estetikk til å reflektere over filmen om kunsten og livet til Yayoi Kusama.

Før du ser filmen:

  1. Les artikkelen Estetikk.

  2. Diskuter påstanden: "Du er medskapar i ei estetisk erfaring." Kva betyr det?

  3. Sjå på Yayoi Kusamas måleri Infinity nets hos Artizon museum, helst på stort lerret i klasserommet. Korleis opplever du dette verket? Tenkjeskriv i tre minutt, og noter alle tankar og kjensler du får når du ser på det.

  4. Del det du har skrive, med ein medelev. Vekte Infinity nets mange tankar og kjensler hos dykk? Hadde de like opplevingar av kunstverket? Kvifor / kvifor ikkje?

Etter du har sett filmen:

  1. Sjå på måleriet Infinity nets igjen. Korleis opplever du måleriet no?

  2. Tenkjeskriv i tre minutt, og noter alle tankar og kjensler du får når du ser på dette verket.

  3. Del med ein medelev. Skil opplevingane dykkar av verket seg frå korleis de opplevde det før filmen? Kvifor / kvifor ikkje?

  4. "Kunsten min går ut på å gjere om mine sjelelege problem til kunst, og på den måten uttrykkje meg." Kan dette sitatet frå filmen bidra til opplevinga av kunsten til Yayoi Kusama?

  5. Les artikkelen Modernisme og postmodernisme. Kan du bruke omgrepa "modernistiske" eller "postmodernistiske" om verkemiddelbruken og tematikken i kunsten til Kusama?

  6. I artikkelen om estetikk ser du at Susan Sontag meinte at vi i altfor stor grad tek sanseinntrykka for gitt, og at vi berre leitar etter ei meining bak eit uttrykk og ikkje opplever uttrykket i seg sjølv. Stemmer dette med korleis de opplevde kunstverket til Kusama, eller stemmer det ikkje? Diskuter.

Kva kan filmen lære oss om estetikk og makt?

  1. "Systemet støttar mannlege, kvite kunstnarar i den modernistiske tradisjonen." Dette sitatet frå filmen er ei forklaring på kvifor Yayoi Kusama ikkje fekk anerkjenning for kunsten sin på 60-talet. Kva døme på dette får vi i filmen?

  2. I filmen ser du mange døme på at Kusama lét seg avbilde i kunsten sin, som ein del av installasjonen. Diskuter dette grepet sett i lys av det John Berger sa om kjønnsforskjellar i kunst – at menn handlar, mens kvinner tek seg ut, og at menn ser på kvinner, mens kvinner ser på at dei blir vurderte av andre.

Bruk det du har lært

Lag ein tekst med refleksjonane dine rundt omgrepet estetikk der du bruker kunnskap om estetikk og døme frå filmen til å illustrere ulike sider ved omgrepet.

Bli einig med læraren om korleis du skal presentere teksten, og kven du skal presentere han for. Vel ein føremålstenleg teksttype ut frå desse faktorane.

Bonusoppgåve: Lag ditt eige kunstverk der du uttrykkjer deg med inspirasjon frå formspråket til Kusama.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2022

Læringsressursar

Estetikk