Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Oppgåver og aktivitetar

Religion i Grunnlova

Paragraf 2 i den norske grunnlova frå 1814 blir gjerne kalla "Jødeparagrafen", sidan han ekskluderte blant andre jødar frå å kunne busetje seg i landet. Sidan 1814 har paragrafen vore gjennom mange endringar.
Riksforsamlinga på Eidsvoll 1814. Ei gruppe menn sit langs veggen og høyrer på ein som taler. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Undersøk endringane i Grunnlova sin paragraf 2, og svar på spørsmåla under.

  1. Kva for endringar skjer først?
  2. Kva betyr den siste endringa?
  3. Korleis ville folk i 1814 ha sett på nordmenn sitt forhold til religion i dag?
  4. Kva tenkjer du om nordmenn sitt forhold til religion i 1814?
  5. Trur du religion vil forsvinne? Kvifor/kvifor ikkje?
CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2022

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Sekularisering

Læringsressursar

Politikk og historiske endringsprosessar