Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Filmoppgåve: Indre mangfald i kristendommen

I denne videoen møter vi Sturla Stålsett som undersøkjer noko av det mangfaldet vi finn i kristendommen.

Sjå videoen og gjer oppgåvene under:

  1. Kva seier Stålsett om korleis betydninga av kristendommen har endra seg i Noreg dei siste par hundreåra?

  2. Korleis kan det at Jesus seier "I huset åt Far min er det mange rom" (Joh. 14:2), bli forstått i mangfaldssamanheng?

  3. Stålsett nemner ulike måtar å vere kristen på internt i Den norske kyrkja. Kva meiner du om det han seier?

  4. Den katolske presten seier at det som sameiner dei, er Jesus, presteordinasjon, paven som samlande symbol og synet på sakramenta.

    • Kan du finne ut noko om kva syn Den katolske kyrkja har på dei fire emna?

    • Kva seier Den norske kyrkja og Brunstad Christian Church om dei same emna?

  5. Stålsett seier at det er betre kommunikasjon mellom kristne retningar i dag enn det har vore tidlegare. Kva grunnar kan det vere til det?

  6. Kvifor blir Jehovas vitne og mormonarane ikkje rekna som kristne av ein del kristne menneske?

  7. Det finst eit stort mangfald internt i kristendommen. Diskuter kva fellestrekk vi likevel kan finne i den kristne verda i dag.

  8. Det katolske presten seier: "Vi må vite kvar vi sjølv står for å kunne forstå andre". Kva tenkjer du om det? Er det avhengig av religion eller livssyn?

Samanlikningsoppgåve

Oppgåve 4 kan utvidast til å utforske mangfaldet i kristendommen endå meir. Klassen kan utforske synet på Jesus, presteordinasjon, paven som samlande symbol og synet på sakramenta i fleire konfesjonar enn dei vi har nemnt her.

De kan sjølvsagt òg leggje til andre emne.

Relatert innhald

Kva er dei viktigaste forskjellane og likskapane mellom dei store kristne retningane? Utforsk dette spørsmålet individuelt, i gruppe og i klassen.

CC BY-SASkrive av Karen Marie Halden.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2022

Læringsressursar

Mangfald