Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vanskelege tema og usemjefellesskap

Korleis kan vi diskutere vanskelege tema? Og kva er eit usemjefellesskap?



Oppgåve 1. Vanskelege tema

  • I videoen snakkar Ingunn Solheim om korleis vi kan diskutere vanskelege tema. Kva råd gir ho?

Vi klagar om at vi ikkje snakkar saman, men vi tør ikkje.

Eg trur måten vi snakkar på no, er nøkkelen til å løyse utfordringane i samfunnet vårt.

  • Over ser du sitat frå to av deltakarane i episoden om innvandring. Er du samd i det dei seier? Kva er erfaringane dine med innvandringsdebatten?
  • Abort og innvandring er to døme på tema der partane i diskusjonen ofte har heilt ulike ståstader når det gjeld verdiar og menneskesyn. Kvifor er det bra at partane møtest og diskuterer slike saker, sjølv om dei ikkje alltid kan bli samde?
  • Kva andre tema er vanskelege å diskutere i Noreg i dag?
  • "Dei som ikkje deltek i debatten, har ikkje moglegheita til å påverke samfunnet vårt", seier Ingunn Solheim i filmen over. Diskuter denne påstanden.

Oppgåve 2. Usemjefellesskap

Oppgåve 3. Delta i debatten

Vel nokre av påstandane under, som vi har henta frå dei ulike Einig-programma, og diskuter desse. Ta stilling til påstandane ved å stille dykk på ulike stader i rommet – éin stad for "samd" og éin stad for "usamd".

  • Kvifor enda du på staden din? Diskuter med dei som valde likt med deg og grunngi standpunktet ditt.
  • Bruk det de har lært om argumentasjon for å vurdere argumenta som kjem fram. De kan bruke sjekkliste for argumentasjon til dette:

Relatert innhald

  • Ein representant for "samd" og ein frå "usamd" legg fram dei viktigaste argumenta frå gruppa si.

  • Diskuter etterpå: Kjendest det greitt å vere usamde? Kan de ha eit usemjefellesskap i klassen?
Einig om likestilling

"Likestilling må handle meir om menn."
"Heimeverande mødrer blir sett ned på."
"Eg hadde hatt eit enklare liv om eg var fødd med motsett kjønn."
"Staten må vere meir aktiv for å sikre likestilling."

Henta frå Einig på NRK

Einig om abort

"Abort bør bli ulovleg."
"Eg har vore i tvil om enkelte standpunkt i abortdebatten."
"Det er eit mål at så få som mogleg tek abort."
"Ingen angrar på å ha fødd eit barn."

Henta frå Einig på NRK

Einig om innvandring

"Muslimske jenter i Noreg har for lite fridom."
"Kvardagsrasisme er ganske vanleg i Noreg."
"Mange innvandrarar vil ikkje bli integrerte."
"Eg har forandra syn på innvandring."

Henta frå Einig på NRK

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2021

Læringsressursar

Mangfald