Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Det kulturelle mangfaldet i klasserommet

Ein og same person kan ha tilknyting til ulike kulturar. Kultur og kulturell bakgrunn betyr noko for alle fordi det påverkar mange område i liva våre – frå kva vi kler oss i til kva vi feirar.
Små trefigurar av menneske i regnbogefargar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lag ei ordsky

Dette er ei felles klasseøving for å få fram det kulturelle mangfaldet i klassen. Alle har ei kulturell tilknyting til majoritetskulturen i Noreg. Men kva andre område i verda har klassen din òg kulturell tilknyting til? Her må de velje ein i klassen som styrer arbeidet med ordskya. Ordskya skal vise kva klassen har svart på spørsmåla under. Ordskya blir til slutt hengd opp i klasserommet eller vist på storskjerm.

Det finst fleire digitale løysingar for å lage ordskyer. Her er ei av dei:

https://monkeylearn.com/word-cloud/

Spørsmål til ordsky

  • Kva land kjenner du ulik grad av tilhøyrsel til?

  • Kva by / kva for byar kjenner du ulik grad av tilhøyrsel til?

  • Kva språk snakkar du?

  • Har du ein religion? Kva for ein?

  • Kva er favoritt-høgtida di?

Samtale i klassen

  • Fekk ordskya fram meir eller mindre kulturelt mangfald i klassen enn det du trudde?

  • Kva er positivt med å synleggjere mangfaldet? Kva kan vere negativt med det?

  • Kan vi utnytte det kulturelle mangfaldet heilt konkret på ein positiv måte i klassen?

Tips til morsmålsdagen 21. februar

Den internasjonale morsmålsdagen blei erklært merkedag av UNESCO i 1999 og har blitt markert den 21. februar kvart år sidan. For å markere det språklege og det kulturelle mangfaldet er det mange skular i Noreg i dag som feirar morsmålsdagen. I denne oppgåva skal ei gruppe organisere feiringa av morsmålsdagen på eigen skule. De må fylle to skuletimar med innhald som markerer det språklege og det kulturelle mangfaldet på akkurat din skule. Legg ein plan som er mogleg å gjennomføre.

På desse sidene kan de finne inspirasjon til markering av morsmålsdagen:

morsmål.no: Aktiviteter i forbindelse med Morsmålsdagen

bibliotekutvikling.no: Morsmålsdagen

CC BY-SASkrive av Viviana Martinez.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2022

Læringsressursar

Mangfald