Hopp til innhald

Fagstoff

Det norske livssynslandskapet

I løpet av dei siste 200 åra har Noreg utvikla seg frå ein religiøs einskapskultur, der nesten alle tilhøyrde den lutherske kristendommen, til eit pluralistisk samfunn med mange religionar og livssyn. Korleis oppstod dette mangfaldet, og korleis ser det norske livssynslandskapet ut i dag?
Illustrasjon av figurar med forskjellige trosretninger.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gammalt og nytt mangfald

Noreg har alltid vore eit mangfaldssamfunn, påverka av andre kulturar. Ein av dei vanlegaste innskriftene på funn frå vikingtida er faktisk «Allah er stor!», som ein kan finne på myntar. Dette fortel om nordisk handelskontakt med den arabiske verda.

I dansketida bidrog mange utlendingar til å byggje landet. I religiøs forstand fekk Noreg etter reformasjonen ein einskapskultur, der det berre fanst éin religion – luthersk kristendom under den danske kongen. Eit unntak var samane med den tradisjonelle religionen sin.

Men frå starten av 1800-talet endrar biletet seg, og vi kan dele inn i tre fasar:

  1. Først blir det mogleg å velje ei alternativ kristendomsform.
  2. Så vel fleire eit verdsleg livssyn som alternativ til kristendommen.
  3. På 1900-talet kjem religionen attende i andre former, gjennom nyreligiøsitet og innvandring.

Historia handlar då om vegen frå en einskapskultur med ovanfrå-styring av livssynet til folk, til ein pluralistisk kultur med alternative religionsformer, der livssyn knyter seg til individuelle val.

Første fase: Alternative kristendomstypar

Rundt 1800 begynte Hans Nielsen Hauge å reise rundt for å vekkje folk til ein meir aktiv og personleg kristendom. Han blei fengsla for brot på Konventikkelplakaten, som forbaud religiøse møter utan presten si godkjenning. Men denne lova blei oppheva i 1842, og lekmannsrørsla («lek»: utan teologi-utdanning) spreidde seg raskt.

Dei som blei med i lekmannsrørslene heldt seg i statskyrkja, men danna indremisjonsorganisasjonar og heldt møter i bedehus, der omreisande predikantar starta religiøse vekkingar. I 1845 kom dissenterlova, som gjorde det lovleg å etablere trussamfunn utanfor statskyrkja.

Med vekkingsrørslene fekk vi eit skilje mellom to kristendomsformer, som framleis finst:

  • ein sakramental kristendom knytt til gudsteneste og kyrkjelege ritual som dåp og nattverd
  • ein subjektiv kristendom som vektla personleg omvending og oppleving, knytt til møter på bedehuset eller i frie forsamlingar

Andre fase: Eit ikkje-kristent alternativ

Mot slutten av 1800-talet handlar det ikkje berre om religiøs pluralisering (mangfald), men også om ein begynnande sekularisering (verdsleggjering).

Sidan livssyn er blitt eit spørsmål om personleg val, vel fleire å forlate kristendommen og kallar seg fritenkjarar. Dei er ofte inspirerte av vitskapen og meiner ein kan ha ein fullverdig moral utan religion. Under det moderne gjennombrotet på 1870- og 80-talet tek fleire forfattarar eit oppgjer med tradisjonell religion og moral.

Religionskritikken blir forsterka i mellomkrigstida med den såkalla kulturradikale rørsla. Du kan lese meir om religionskritikken frå dei kulturradikale i mellomkrigstida i ressursane frå norskfaget under.

Relatert innhald

Hovudskiljet i norsk livssynsdebatt blir no kristen/ikkje kristen, noko som kjem til uttrykk ved opprettinga av Human-Etisk Forbund i 1956.

Tredje fase: Religionen vender attende

I moderne tid blir samfunnet meir sekularisert, men mot slutten av 1900-talet viser religionen seg att: Vi får nyreligiøse strøymingar, og framfor alt innvandrarreligion – særleg islam – med arbeidsinnvandring, flyktningar og asylsøkjarar.

Dermed blir livssynslandskapet meir variert, og skiljet kristen/sekulærhumanistisk blir ikkje lenger einerådande. Vi får nye alliansar og nye frontar: Konservative kristne og muslimar kan dele tradisjons- og familieverdiar og til dømes synet på alkohol. Og liberale kristne kan stå saman med livssynshumanistar om eit moderne syn på til dømes kjønnsroller og homofili.

Religionspluralisme i Noreg i dag

Skal vi gi ei oversikt over livssynslandskapet i dag, er det naturleg å følgje Oddbjørn Leirviks inndeling frå boka Religionspluralisme, med fire hovudretningar:

  1. pluralistisk kristenliv
  2. open nyreligiøsitet
  3. konsolidert humanetikk
  4. organisert innvandrarreligion

Kristent mangfald

Det største kyrkjesamfunnet i Noreg er Den norske kyrkja, som tilhøyrer den protestantiske kristendommen. Ho er ikkje lenger statskyrkje, men ca. 70 % av befolkninga er medlemmar og bruker i stor grad kyrkjelege tenester som dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd.

Innan Den norske kyrkja finn vi både ei folkekyrkjeleg retning, som vil inkludere alle ut frå barnedåpen, og som har vore pådrivar for kvinnelege prestar og likekjønna vigsel – og ei retning med røter i vekkingskristendommen, som vektlegg personleg omvending og tru. Slik blir skiljet mellom ei sakramental og ei subjektiv religionsform, som ein hadde på 1800-talet, vidareført.

Utanfor Den norske kyrkja finn vi også ei religiøs «høgreside» med ein sakramental, katolsk og ortodoks kristendom, og ei «venstreside» med ein meir subjektiv kristendom, som pinserørsla.

Tallerken med svinestek, potet og diverse grønsaker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nyreligiøsitet

Forløparar for dagens nyreligiøse rørsler, teosofi og antroposofi, kom til Noreg tidleg på 1900-talet, og antroposofien har betydd mykje gjennom Steinerskulen, biodynamisk jordbruk og helsekost. På 1970- og 80-talet kjem ei større nyreligiøs bølgje med inspirasjon frå austleg religion (yoga og meditasjon), med omgrep som New Age og alternativrørsla.

Tilhengjarane bruker gjerne nemninga spiritualitet heller enn nyreligiøsitet. Astrologi og okkultisme får innverknad i populærkulturen med TV-program som «Åndenes makt». Naturreligion blir ofte løfta fram saman med økologisk tenking. Alternativ medisin og ulike former for sjølvutviklingsfilosofi har breitt nedslagsfelt og kan vere nyreligiøst inspirert.

Livssynshumanisme

Human-Etisk Forbund arbeider for ein livssynsnøytral stat og for å fremje humanistiske verdiar med utgangspunkt i FNs menneskerettar. I dag bruker HEF oftast nemninga humanisme, ettersom livssynet omfattar meir enn etikk.

Bord med blå duk, eit tent stearinlys og ein vimpel med ein logo som framstiller eit menneske. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Medlemstalet auka kraftig på 1980-talet, ikkje minst som følgje av aksjonar for utmelding av statskyrkja. Med dei 90.000 medlemmane sine er Human-Etisk Forbund det tredje største livssynssamfunnet i Noreg etter Den norske kyrkja og den katolske kyrkja.

Innvandrarreligion

Med arbeidsinnvandring frå 1970-talet, seinare også flyktningar og asylsøkjarar, har verdsreligionane fått eit heilt anna nedslag i Noreg enn tidlegare. Mange katolikkar er komne frå Aust-Europa og Asia. Som følgje av innvandring er den katolske kyrkja det nest største livssynssamfunnet i Noreg, med 145.000 registrerte medlemmar i 2016.

Men den største enkeltreligionen er islam: først med innvandring av pakistanske arbeidstakarar, seinare med flyktningar frå krigsområde i andre asiatiske land og Afrika. I 2018 var det over 200.000 muslimar i Noreg, dei fleste sunni-muslimar.

Det bur også ca. 19.000 buddhistar og 9000 hinduar i Noreg (2016), og ca. 5000 sikhar. Ein verdsreligion som ikkje har komme med ny-innvandringa, men har ei lang historie i Noreg, er jødedommen. Før andre verdskrigen var det ca. 1800 jødar i Noreg. I 2017 har det mosaiske trussamfunnet registrert 770 medlemmar.

Mann med grå krøllar og kvitt skjerf rundt halsen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Litteratur
  • Aadnanes, Per M: Frå moderne vantru til ny religiøsitet: norsk livssynsdebatt gjennom hundre år, Oslo: TANO 1998. Fulltekst på bokhylla.no: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2007090501064
  • Den norske kirkes nettsted. https://kirken.no/
  • Horsfjord, Vebjørn: Religion i praksis, Oslo: Universitetsforlaget 2017.
  • Jacobsen, Knut A., Sindre Bangstad og Tarald Rasmussen: «Religion i Norge», Store norske leksikon. https://snl.no/religion_i_Norge
  • Jacobsen, Knut Axel, Dagfinn Rian og Kari Vogt: Verdensreligioner i Norge, 4. utg., Oslo: Universitetsforlaget 2018.
  • Kvalvaag, Robert W., Det guddommelige jeg: Nyreligiøsitet og religiøse strømninger i moderne ungdomskultur, Bergen: Fagbokforlaget 2003.
  • Leirvik, Oddbjørn: Religionspluralisme, Oslo: Pax Forlag 2016.
  • Maalouf, Amin: Identitet som dreper, Oslo: Pax Forlag 1998
  • Repstad, Pål: Religiøst liv i det moderne Norge: et sosiologisk kart.,2. utg., Kristiansand: Høyskoleforlaget 2000. Fulltekst på bokhylla.no: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2009011204080
  • Søderlind, Didrik og Stian Kilde Aarebrot: Presten og ateisten, Oslo: Humanist Forlag og Vårt Land Forlag 2015.
  • Østberg, Sissel: Muslim i Norge: religion og hverdagsliv blant unge norsk-pakistanere, Oslo: Universitetsforlaget 2003.
CC BY-SASkrive av Per Anders Aas. Rettshavar: Oslomet
Sist fagleg oppdatert 04.05.2022

Læringsressursar

Mangfald