Hopp til innhald

Fagstoff

Kulturelt mangfald

Ofte når vi snakkar om mangfald, snakkar vi om det fleirkulturelle samfunnet. Kulturelt mangfald handlar om ein variasjon av ulike kulturar som oppstår gjennom ulike faktorar som språk, religion, heimstad, økonomi, verdiar, tradisjonar, teknologi og så vidare.
Birkebeinerrennet. Mange skiløparar går på ski i samla flokk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det kulturelle mangfaldet i Noreg

Det kulturelle mangfaldet er ikkje eit nytt kjenneteikn ved det norske samfunnet. Det har alltid vore kulturelle forskjellar mellom by og land, kyst og innland, nord, sør, aust og vest i Noreg. Etter andre verdskrigen voks det også fram ein eigen ungdomskultur, som skilde seg frå kulturen til dei eldre. Slike kulturelle forskjellar mellom generasjonar har i dag blitt sjølvsagt.

Det kulturelle mangfaldet i Noreg er rikt og består mellom anna av menneske med tilknyting til den samiske urbefolkninga, dei nasjonale minoritetane som er kvenar/norskfinnar, jødar, skogfinnar, rom (sigøynarar) og romanifolk/taterar. Dei siste ti-åra har befolkninga i Noreg blitt endå meir fleirkulturell som følgje av aukande innvandring. Innvandrarar og norskfødde innvandrarar, frå over 220 ulike land og sjølvstyrte regionar, utgjorde meir enn 18 prosent i 2021 (SSB, 2021). Samtidig er naturlegvis også majoriteten ein viktig del av det kulturelle mangfaldet i Noreg.

Tenk etter

  • Kven tilhøyrer den kulturelle majoriteten i Noreg, meiner du?

  • Kva slags kulturelt mangfald finst innanfor denne majoriteten?

  • Kva betyr det kulturelle mangfaldet for deg i kvardagen din?

Statisk eller dynamisk kulturforståing

I det vidare arbeidet med kulturelt mangfald går vi no inn på to ulike forståingar av omgrepet kultur – vi skil mellom ei statisk og ei dynamisk kulturforståing.

Kultur kan oppfattast som noko statisk, noko som ikkje endrar seg i særleg grad, og som består av stabile tankemønster, verdiar, levemåtar og tradisjonar. Den er noko du blir fødd inn i, noko fast ved deg sjølv og dine næraste, og som tydeleg kan skiljast frå andre kulturar. I eit slikt perspektiv kan til dømes ytre faktorar som klesstil, hudfarge og matvanar knyte deg til ei bestemt kulturell gruppe.

Ei statisk kulturforståing har i våre dagar blitt utfordra, fordi ho ikkje fangar opp at kulturar endrar seg – at dei er dynamiske. Vi har sett at når samfunnet endrar seg – som at Noreg blei ein oljenasjon på 1970-talet eller at verda er meir globalisert – blir det skapt kulturelle endringar. Ei dynamisk kulturforståing ser på kultur som noko vi stadig byggjer, og som også stadig blir endra fordi menneske og samfunn forandrar seg. I eit slikt perspektiv er heller ikkje grensene mellom kulturar heilt opplagde.

Tenk etter

  • Korleis trur du kulturen du er ein del av i dag, vil vere når dine eigne barn veks opp?

  • Kva ved kulturen din meiner du at er viktig å bringe vidare til neste generasjon?

Fem personar et eit tacomåltid saman. Biletet er teke i fugleperspektiv, og vi ser både menneska og dei ulike smårettane ovanfrå. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kulturell tilhøyrsel

Samfunnet rundt oss blir prega av eit kulturelt mangfald, der vi sannsynlegvis blir påverka av – og kanskje også kjenner tilhøyrsel til – ulike kulturar. Tilhøyrsel handlar om ei oppleving av tryggleik med menneska rundt oss og av å vere inkludert. Kvar dag samhandlar vi med familie, venner, oppvekstmiljø, skule, medium og så vidare, og alt dette påverkar oss. Ofte kan vi markere kulturell tilhøyrsel gjennom påkledning, interesser, tradisjonar, vanar og språkbruk.

Tenk etter

  • Korleis markerer du kulturell tilhøyrsel?

  • Er det fleire enn éin kultur som påverkar deg?

Mange sjonglerer mellom ulike kulturar og utviklar slik sin heilt eigne personlege og kulturelle identitet. Ein person som har vakse opp i Oslo, kan vere etnisk kurdar med norsk nasjonalitet og ha budd i Polen i samband med utdanninga si. Det er ikkje nødvendigvis alltid så lett å svare på kva for ein kultur vi høyrer til. Somme kan oppleve spørsmålet "Kvar kjem du eigentleg frå?" som ei påpeiking på at dei ikkje er norske nok – at dei berre høyrer delvis til. Somme kan synast det er vanskeleg å svare på, fordi dei kan ha like mykje tilhøyrsel til fleire stader og kulturar. Andre igjen synest spørsmålet er uproblematisk, fordi dei kan oppleve det som berikande å kombinere kulturelle trekk frå ulike hald.

Ein mørkhuda ung mann i bunad står og syng saman med andre unge menn i dress.  Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelde

Statistisk sentralbyrå. (2021, 9. mars). Innvandrere og norskfødte med innvandrerforeldre. https://www.ssb.no/innvbef

CC BY-SASkrive av Viviana Martinez.
Sist fagleg oppdatert 09.08.2022

Læringsressursar

Mangfald