Oppgåver om normer, verdiar og haldningar
Therese Johaug er ein norsk skiløpar. I 2016 blei ho dømd til utestenging i 18 månader for doping etter å ha fått ein leppekrem, som var forboden, av legen på landslaget. Lance Armstrong vann VM og Tour de France sju gonger før han blei teken i den største dopingskandalen i sykkelsporten. Han innrømde seinare å ha dopa seg bevisst og systematisk for å vinne.
Sjå pressekonferansen med Therese Johaug etter dopingavsløringa, og les artikkelen eller sjå videoen Lance Armstrong innrømmet doping hos Oprah på NRK.
Samanlikn haldningane, verdiane og normene i dopingsaka til Therese Johaug med dopingsaka til Lance Armstrong (eller ein annan idrettsutøvar som er teken i doping.) Kva er forskjellane og likskapane?
Diskuter følgjande handlingar med sidemannen. Når kan det vere gale, og når kan det vere rett
å slåst
å jukse
å hemne seg
å drepe
å ikkje gjere noko
å vere ulydig
å slå eit barn
å stele
å ikkje vite
å vere først
å snakke
å lytte
å gøyme seg?
(Brenifier, s. 30)
Finst det noko fasitsvar i etikken? Kan du komme på nokon konkrete døme på handlingar som alltid er galne, uavhengig av tid, stad og omstende?
Kvifor forandrar etikken seg? Ta gjerne utgangspunkt i konkrete døme. Diskuter dette med ein medlev.
Sjå deretter samtalen mellom Melsom og Moen og samanlikn det med ditt eige svar.
- Brenifier, O. og Isabelle Millon. Notebook of Philosophical Exercises. Institute of Philosophical Practices.
Relatert innhald
Normer, verdiar og haldningar er sentrale omgrep i etikken. Men kva betyr dei eigentleg?