Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bygg eit atom!

I denne simuleringa blir du kjend med korleis atom er bygde opp ved å bygge dine eigne atom, partikkel for partikkel. Sjå korleis dei ulike partiklane påverkar eigenskapane og avgjer kva stoff vi får.

Før du bruker simuleringa

  1. Kva veit du om atom frå før? Lag ei liste med stikkord.

  2. Korleis trur du at eit atom ser ut? Lag ei enkel teikning.

  3. Del det du har funne ut, med ein medelev.

    1. Kva har de funne ut som er likt?

    2. Kva forskjellar er det på teikningane de har laga?

    3. Diskuter: Finst det éin rett måte å teikne eit atom på?

Tilgjengelegheit

Disse oppgåvene kan vere vanskelege å gjennomføre for personar med synshemming. Dei er ikkje nødvendige for å dekke kompetansemåla i dette emnet. Kompetansemåla blir dekte gjennom arbeid med dei andre ressursane.

Jobb med simuleringa

Simuleringa består av tre delar: bygg eit atom, symbol og spel. Du kan velje kva del du vil jobbe med frå menyen på framsida eller på verktøylinja nedst.

Det kan vere lurt å ha simuleringa i eit eige vindauge, slik at du kan ha oppgåvene og simuleringa side ved side.

Del 1. Bygg eit atom

Gjer deg kjend med simuleringa, og finn ut kva du kan klikke på. Still inn slik at du kan sjå informasjon som ligg under "grunnstoff", "nettoladning" og "nukleontal".

  1. Trekk proton til kjernen av atomet. Kva skjer i periodesystemet for kvart proton du legg til ? Legg du merke til andre endringar?

  2. Trekk nøytron til kjernen av atomet. Kva endringar observerer du no?

  3. Legg til elektron rundt kjernen.

    1. Beskriv korleis elektrona fordeler seg rundt kjernen.

    2. Kva eigenskap i atomet har elektrona innverknad på?

  4. Lag dine eigne forklaringar på desse orda ut frå dei erfaringane du har gjort så langt:

    1. proton

    2. nøytron

    3. elektron

    4. nettoladning

    5. grunnstoff

    6. nukleontal

  5. Kva partiklar kan du legge til eller fjerne frå eit atom utan at du får eit anna grunnstoff?

  6. Fyll inn det som manglar i tabellen under. Grunnstoffa står ikkje i rekkefølge etter atomnummer.

Oppbygginga til nokre grunnstoff

Kjemisk symbol

Atom-nummer

Massetal (nukleontal)

Talet på proton

Talet på elektron

Netto-ladning

H
N
40
C6
20
O2-
9-1
Li3+1

Del 2. Symbol

Innleiing

Trekk ulike kjernepartiklar inn i atomet. Legg merke til kva som skjer med siffera i ruta "Symbol" når du legg til

  • proton

  • nøytron

  • elektron

Bygg ion

  1. Bygg nokre ion. Vel sjølv kor mange proton dei skal ha i kjernen.

  2. Forklar kva du må gjere for å kunne bygge ion.

  3. På kva måtar kan du bygge eit nøytralt atom med utgangspunkt i eit negativt ion?

  4. Kva trur du skjer viss ion med ulik ladning er i nærleiken av kvarandre?

Bygg ein isotop

Grunnstoff finst i ulike variantar eller isotopar. Dei ulike isotopane til eit grunnstoff har likt tal på proton i kjernen, men talet på nøytron varierer frå ein isotop til ein annan.

  1. Huk av for "Stabil/utstabil". Bygg karbon-isotopane som heiter karbon-12, karbon-13 og karbon-14.

  2. Samanlikn isotopane. Kva observerer du?

  3. Kva kjenneteiknar eit atom som er ustabilt?

  4. Kva blir stoff som karbon-14 kalla? Kjenner du andre isotopar med slike eigenskapar?

  5. Finn ut kva vi kan bruke karbon-14 til.

Les meir om isotopar i artikkelen om atom.

Del 3. Spel

I denne delen kan du spele fire ulike spel for å sjekke kva du har lært om atom. Når du står inne i eit spel, kan du klikke "Start på nytt" for å komme tilbake til spillmenyen. Lykke til!

Kjelder

Herzog, T. & Moore, E. (2015, 23. juni). Build an Atom – Guided-Inquiry Activity. https://phet.colorado.edu/nb/contributions/view/3954

Isaac, T. (2016, 1. oktober). Atom builder. https://phet.colorado.edu/nb/contributions/view/4416

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 19.04.2023

Læringsressursar

Bindingar mellom atom