Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Høyr deg sjølv – Arvestoffet

Desse oppgåvene er tenkte til munnleg trening eller repetisjon, slik at du kan teste kva du har lært og forstått om arvestoffet. Oppgåvene krev ikkje mykje arbeid, då svara lett kan bli funne på fagsidene. Du finn også eit forslag til fasit etter oppgåvene.
Arvestoff forstørra frå kompakte kromosom til utstrekt DNA-streng. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Kva er eit gen?
  2. Korleis styrer gena kva som skal skje i ei celle?
  3. Kva er det som avgjer eigenskapane til eit protein?
  4. Kor mange ulike protein har du i kroppen din?
  5. Kor mange ulike aminosyrer har du i kroppen din?
  6. Sjølv om alle cellene i ein organisme har dei same gena, så er ikkje cellene like. Forklar kvifor!
  7. Kva heiter nitrogenbasane i DNA-molekylet?
  8. Kva er eit kodon?
  9. Kva er eit nukleotid?
  10. Kor i cella skjer proteinsyntesen?
  11. For at ribosoma skal få tilgang til oppskrifta (den genetiske koden) på eit protein, må informasjonen på DNA-molekylet skrivast av på ein "huskelapp" og sendast ut til ribosoma. Kva heiter denne huskelappen?
  12. Kva heiter dei molekyla som finnast i cytoplasmaet og transporterer aminosyrer til ribosoma, kor proteinsyntesen går føre seg?
  13. Kva er forskjellen på DNA og RNA?
  14. Kva meinast med "Den genetiske koden"?
  15. Kva må skje med polypeptidkjeda for at det skal bli eit aktivt protein?
Løysningsforslag
  1. Eit gen er ein bit av eit DNA-molekyl. Dette genet inneheld ein instruks som cellene bruker for å kunne produsere eit bestemt protein.
  2. Kva slags gen som er aktive, er avgjerande for aktiviteten i ei celle. Dei avgjer kva for protein som skal produserast, og proteina speler viktige roller mellom anna i oppbygging, forsvar, regulering og transport i kroppen.
  3. Utvalet, rekkjefølgja og mengda av dei ulike aminosyrene avgjer eigenskapane til eit protein.
  4. I ein menneskekropp er det om lag 100 000 forskjellige protein som alle har sine bestemde oppgåver å utføre.
  5. Det er 20 ulike aminosyrer som er byggesteinar i kroppen vår.
  6. Miljøet og funksjonen til cella styrer kva for gen som skal vere aktive.
  7. I DNA finst det fire ulike typar nitrogenbasar: adenin (A), tymin (T), guanin (G) og cytosin (C).
  8. Ein serie på tre basar (triplett) utgjer eit kodon som er koden for ei bestemd aminosyre.
  9. Eit nukleotid er ei eining i DNA som består av ei fosfatgruppe, eit sukkermolekyl kalla deoksyribose og ein nitrogenbase (A, C, T eller G).
  10. Proteinsyntesen skjer i ribosoma som kan liggje fritt i cytoplasmaet eller på overflata til plasmanettverket.
  11. Når eit gen på eit kromosom blir skrive av (transkribert), blir koden endra frå DNA til RNA. Oppskrifta (hugselappen) som blir sendt ut i cytoplasmaet til ribosoma, blir kalla mRNA (messenger-RNA).
  12. Transport-RNA, tRNA, finst i cytoplasmaet og transporterer aminosyrer til ribosoma, der proteinsyntesen går føre seg.
  13. DNA er dobbelttråda, mens RNA er enkelttråda.
    DNA har nitrogenbasane adenin (A), tymin (T), guanin (G) og cytosin (C). RNA har tre av dei same basane, men har urasil (U) i staden for tymin.
    DNA har sukkeret deoksyribose i sidevangane, mens RNA har sukkeret ribose der.
    RNA kan passere kjernemembranen, men det kan ikkje DNA.
  14. mRNA er definert som "den genetiske koden". Den genetiske koden er universell. Det betyr at han er den same i alle levande organismar.
  15. Polypeptidkjeda må formast og foldast ved hjelp av bindingar mellom aminosyrene for at det skal bli eit aktivt protein. Proteinet blir ferdig forma og får strukturen sin i golgieapparatet.
CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle og Øyvind Bønes. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 01.04.2020

Læringsressursar

Arvestoffet