Ressurssamling for programfaget reiseliv og språk 1 for språk, samfunnsfag og økonomi.
Dette er ikkje eit komplett læremiddel, men ei ressurssamling som vi håper kan vere nyttig for deg.
Eit berekraftig reiseliv er eit reiseliv som ikkje øydelegg for kommande generasjonar.
For å kunne tilby eit heilskapleg reiselivsprodukt må alle reiselivsaktørane samarbeide. Næringa består av mange ulike, små og store aktørar.
Det heilskaplege reiselivsproduktet består av formidling, transport, overnatting, servering og opplevingar.
Kultur og natur er kjernen i det norske reiselivsproduktet. Aktivitetar og opplevingar blir lagde til rette med utgangspunkt i kultur- og naturelement.
Å vere vertskap vil seie at du som servicemedarbeidar jobbar for at kundar og gjestar skal føle seg inkluderte, tekne vare på og velkomne.
For å skape ei god oppleving for gjestene må du planleggje godt og tilpasse aktivitetane til kvar målgruppe.
Opplevingar skal skapast, formidlast og kommersialiserast. Reiseplanlegging og informasjonsformidling må vere tilpassa aktuelle målgrupper.
Merkeordningar systematiserer arbeidet med berekraft på ein destinasjon. Vi har både nasjonale og internasjonale merke- og verneordningar.
Interne og eksterne arbeidsvilkår er forhold i og utanfor ei bedrift som kan få positiv eller negativ innverknad på bedrifta.
Når vi er merksame på korleis kultur og kommunikasjon heng saman, blir det enklare å forstå kvarandre.
I reiselivsnæringa må du kunne kommunisere på engelsk med både gjester, kollegaer, leverandørar og andre samarbeidspartnarar.
Som vertskap møter du gjerne personar frå ulike stader i verda. Her viser vi døme på enkel formidling til kinesisktalande gjester.
Kommuniserer du på språket til gjesten, bidreg du til at gjesten kjenner seg velkommen. Lær nokre frasar på samisk og bli betre kjend med samisk kultur.
Marknadsføring skaper verdi for forbrukarar ved å dekkje behovet deira for produkt, og består av merkevarebygging, arrangement og marknadsføringskampanjar.