Hopp til innhald

Grøn vekst eller nedvekst?

Kan vi halde fram med å ha økonomisk vekst i ei berekraftig framtid, berre vi gjer han grøn? Eller må vi ha ein nedvekst for at utviklinga skal bli berekraftig?
Ein smilande familie på seks personar står framfor huset sitt, som er ei bygning av sliten mur. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis skape økonomisk tryggleik for alle?

Berekraftig utvikling har tre dimensjonar, og ein av desse er den økonomiske dimensjonen. Den handlar om at vi må sikre økonomisk tryggleik for menneske og samfunn. Korleis vi gjer dette på ein god måte, er ikkje nødvendigvis så enkelt å vite. For er det mogleg å skape ein økonomisk vekst som ikkje samtidig fører til større belastning og skade på miljøet? Eller kan vi skape ei berekraftig utvikling for alle menneske utan å ha økonomisk vekst? Gjennom dette opplegget skal du bli kjent med argument frå begge sider av saka, og kanskje gjer du deg opp ei meining sjølv om kva som er løysinga: grøn vekst eller nedvekst?

Ulike læringsressursar

I oversikta over læringsressursar under finn de ein læringssti, fagstoff og oppgåver. I læringsstien har vi laga forslag til organisering av stoffet. Det går også an å plukke ut og bruke dei ressursane de sjølv ønsker.

Aktuelle fag

Ressursane passar mellom anna i samfunnskunnskap, geografi og politikk og menneskerettar.

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2022

Læringsressursar

Grøn vekst eller nedvekst?