Hopp til innhald

Kyborgane kjem!

Vi menneske har til alle tider brukt teknologi for å gjere livet lettare. Kva skjer når teknologien blir så tett voven inn i livet vårt og oss sjølve at det ikkje lenger er noko klart skilje mellom menneske og maskin? Er vi framleis menneske? Eller har vi vorte kyborgar allereie?

Kyborgane kjem! Eller er dei her allereie?

Vi menneske har til alle tider brukte teknologi, anten ved å bruke tilgjengelege gjenstandar og verktøy eller ved at vi har fått den kunnskapen som trengst for å utvikle nye verktøy og metodar.

Teknologi er det vi menneske utviklar for å gjere livet vårt lettare, og det gjeld uavhengig av tidsalder. Etter kvart har teknologien komme så langt at han kan gjere prosedyrar betre enn oss og erstatte oss i mange situasjonar. Teknologien kan til og med brukast til å erstatte eller legge til nye kroppsdelar, slik at vi til dømes får betre sansar.

Utforsk teknologi på tvers av fag

I dette emnet skal de utforske ulike sider ved teknologi, de skal designe og utvikle ny teknologi og diskutere kva som kan skje når skiljet mellom teknologi og menneske blir mindre. Kva løysingar og utfordringar kan utvikling av ny teknologi gi, no og i framtida?

Dette emnet er tverrfagleg. Artiklane og oppgåvene kan brukast i mange ulike fag, men nokre av dei eignar seg spesielt godt i historie, naturfag, biologi, norsk, helse og oppvekstfag, barne- og ungdomsarbeidarfag, mediefag, handverk, design og produktutvikling og teknologi- og industrifag.

I læringsstien Teknologi har vi laga ein introduksjon til temaet. Her blir de kjende med kva som eigentleg blir meint med teknologi. Denne stien kan vere eit fint utgangspunkt for å finne ut korleis de vil jobbe vidare med emnet.