Eigenvurdering
Evaulering av endringsprosjektet
Reflekter over erfaringane du har gjort etter 30 dagar med endring.
Jobb med spørsmåla på eiga hand først. Deretter kan de diskutere dei i grupper eller i heile klassen.
Gi ei vurdering av gjennomføringa av prosjektet.
- Kva gjekk bra?
- Var det noko som ikkje gjekk som planlagt?
- Korleis blei livet ditt påverka av endringa du gjorde?
- Kva tenkjer du om varigheita av prosjektet? Er 30 dagar lenge nok til å kunne endre ein vane?
- Foreslå justeringar av prosjektet som vil gjere det lettare å nå målet ditt.
Kva tenkjer du no? Kan éin person bidra til endring? Kan det i så fall skje
- i venegjengen?
- i familien?
- i lokalsamfunnet?
- nasjonalt?
- globalt?
- Sett at du ikkje klarte å gjennomføre prosjektet slik du hadde tenkt – korleis kan vi argumentere for at prosjektet er vellykka likevel?
- Korleis kan vi bruke det vi har erfart i dette prosjektet til å jobbe for ei berekraftig utvikling?
- Kva råd vil du gi til andre som har lyst til å gjennomføre eit liknande prosjekt?