Hopp til innhald

Sirkulær økonomi

Vi må bort frå eit bruk-og-kast-samfunn og gå over til ein sirkulær økonomi. I dette undervisningsopplegget skal du lære meir om kva sirkulær økonomi er, og korleis samfunnet må omstille seg. Kanskje klarer du å komme opp med nokre nye løysingar for framtida?

Skap og lær

Gjennom dette undervisningsopplegget skal du lære nokre fagomgrep knytt til sirkulær økonomi og forstå kva dei betyr. Vi håper samtidig at du får øve deg i å bruke fagomgrepa saman med dei kreative evnene dine for å skape nokre nye, gode løysingar for framtida.

Ulike læringsressursar

I oversikta over læringsressursar under finn de læringsstiar, fagstoff og oppgåver. I læringsstiane har vi laga forslag til organisering av stoffet. Det går også an å plukke ut og bruke dei ressursane de sjølv ønsker.

Aktuelle fag

Ressursane passar i mange fag, mellom anna i norsk, geografi, samfunnskunnskap og naturfag. I tillegg vil dette innhaldet vere relevant for alle yrkesfaglege retningar som skaper noko. Det er nemleg sannsynleg at overgangen til ein sirkulær økonomi vil påverke desse yrka i dei kommande åra.