Hopp til innhald

Klesbransjen

Vi treng sjølvsagt klede. Men kor mange klede treng vi? Kor god kvalitet bør kleda ha? Og korleis bør desse kleda produserast? I dette opplegget skal du fordjupe deg i klesbransjen og diskutere kva klesbransjen må gjere for å bli meir berekraftig.

Ein meir berekraftig klesbransje

Klesbransjen har ein lang veg å gå når det gjeld berekraft. Korleis kleda blir designa, kva råstoff som blir brukte, korleis arbeidsforholda på fabrikkane er, korleis kleda blir transporterte, korleis vi bruker kleda og kva som skjer med kleda når vi ikkje vil ha dei lenger, har noko å seie for kor berekraftig klesbransjen samla sett er. No skal du fordjupe deg i denne bransjen.

Ulike læringsressursar

I oversikta over læringsressursar under finn de ein læringssti, fagstoff og oppgåver. I læringsstien har vi laga forslag til organisering av stoffet. Det går også an å plukke ut og bruke dei ressursane de sjølv ønsker.

Aktuelle fag

Ressursane passar mellom anna i naturfag, geografi, samfunnskunnskap, historie og norsk. I tillegg passar dei fint i fleire fag i utdanningsprogramma handverk, design og produktutvikling og sal, service og reiseliv.