At du føler tilhøyrsle dreier seg om at du kjenner at du høyrer til hos nokon eller at du høyrer til ein stad. Alle har behov for å høyre til. Det å føle at du betyr noko, og at nokon bryr seg om deg, at du blir stadfesta, respektert og forstått, har noko å seie for helse, trivsel og tryggleik.
Utfordringar til deg
- Kva gjer at du føler tilhøyrsle til ei gruppe eller til ein stad?
- Kva betyding har det for deg å oppleve tilhøyrsle?
- På kva måte påverkar det å oppleve tilhøyrsle den psykiske helsa?
- Kva konsekvensar trur du det har for barn og unge viss dei ikkje opplever tilhøyrsle?
CC BY-SASkrive av Siv Stai og Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 24.02.2021