Introduksjon
CC BY-SA 4.0
Kva betyr det å føle tilhøyrsel til fellesskapen, og kvifor fell somme utanfor? For somme kan grunnen vere mobbing. For andre kan det vere einsemd.
I denne læringsstien skal du
- reflektere over betydinga av å høyre til
- utforske årsaker og konsekvensar av mobbing og einsemd
- diskutere korleis vi kan skape ein inkluderande fellesskap
- gjennomføre konkrete tiltak for å skape eit inkluderande klassemiljø
Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i mange ulike fag og eignar seg godt som ein introduksjon til temaet Inkludering og ekskludering.