Hopp til innhald

Film: Alle utlendinger har lukka gardiner

Alle utlendinger har lukka gardiner er eit ungdomsdrama om å vere ung og forelska, og det å vekse opp i ein fargerik drabantby i Oslo aust. Filmen kan vere ein inngang til tema som mangfald, integrering, kjønnsroller og identitet.

Film kan vere eit godt utgangspunkt for å jobbe tverrfagleg eller fleirfagleg. Når ein først har brukt tid på å sjå ein film, er det fint å kunne jobbe vidare med han i fleire fag frå ulike synsvinklar.

Filmen Alle utlendingar har lukka gardiner tek opp tema som identitet, mangfald, kulturblanding, integrering og kjønnsroller. Her har vi samla nokre oppgåver til filmen. Dei kan brukast i ulike fag som samfunnskunnskap, norsk, kommunikasjon og kultur og sosiologi og sosialantropologi.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen og Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 08.10.2020

Læringsressursar

Film: Alle utlendinger har lukka gardiner