Introduksjon
CC BY-SA 4.0
I arbeidet med læringsstien
- gir du klassen moglegheit til å bli betre kjent med ein klassekompis
- får du erfaring med å snakke med og sjølv vere ei munnleg kjelde
- formidlar du inntrykk av og informasjon om ein person gjennom tekst, bilete, lyd og / eller video
- tek du omsyn til kjelda sin rett til sitatsjekk
Læringsstien er tverrfagleg for faga norsk og medieuttrykk eller norsk og IKT og medieproduksjon. Den kan køyrast i eitt fag eller som eit samarbeid mellom fag.