Hopp til innhald

Fagstoff

Framstilling av personar med nedsett funksjonsevne

Media framstiller ofte menneske med nedsett funksjonsevne som offer, heltar eller umyndige barn. Enkelte har likevel teke regien over eige liv og utfordrar dei stereotype framstillingane i media.

Kven vil sjå folk i rullestol danse?

Den norske paralympiske idrettsutøvaren Birgit Skarstein har ti VM-medaljar og er regjerande verdsmeister og verdsrekordhaldar i roing. Enkelte blei likevel forarga då ho blei vald ut som deltakar i programmet Skal vi danse på TV 2 hausten 2020.

Om de handicappede absolutt vil danse kan de vel lage sitt eget danseprogram. Nei fysj, hvem vil se på folk i rullestol danse.
(Sitat frå sosiale medium)

Saka viser at det framleis finst personar som ønskjer at media skal usynleggjere menneske med nedsett funksjonsevne. Dei kan gjerne opptre med "likesinna", men ikkje vise seg fram blant funksjonsfriske i beste sendetid.

Å synleggjere seg sjølv som likeverdig

I Skal vi danse opptredde Birgit Skarstein på same premissar som resten av deltakarane. Det er sjeldan at menneske med nedsett funksjonsevne får vise seg fram i media i andre roller enn som "funksjonshemma", sjølv om eit menneske alltid er langt meir enn diagnosen sin. Reaksjonane på programmet avdekte kor uvanleg dette er.

Heldigvis tok majoriteten av dei som såg Birgit Skarstein opptre, avstand frå den hetsen ho blei utsett for i sosiale medium, og dommarane hylla henne for dei evnene ho viste som dansar.

Svensk forsking viser likevel at folk med nedsett funksjonsevne som oftast blir framstilte i følgjande tre roller i media:

  • svake og oversette offer
  • heltar som trassar alle utfordringar
  • umyndige barn

Finn døme

Jobb saman to og to. Finn døme på medieoppslag der menneske med nedsett funksjonsevne blir framstilte som offer, heltar eller umyndige barn.

I ein forskingsrapport stiller medievitar Elisabeth Eide mfl. spørsmålet om media av og til fokuserer for sterkt på dei enkeltpersonane som klarer å kompensere for funksjonsnedsetjinga si ved å gjere ein enorm innsats som få med same utfordringar kan makte.

Om løsningen på å stille svakere alltid er å ville mer og yte hardere, så vil, i siste instans, et mindretall komme i mål.
(Sitat frå Eide, E. mfl. (2014) s. 4)

Ei gruppe menneske med ulik funksjonsnedsetjing i villmarka. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva seier forskinga om representasjon i media?

15–20 % av den norske befolkninga høyrer til gruppa "personar med nedsett funksjonsevne". Det kan kome av fysiske eller psykososiale utfordringar. Forskingsrapporten Stort felt – liten dekning. Medierepresentasjoner av mennesker med nedsatt funksjonsevne (2014) byggjer på studiar utførte av forskarar og studentar ved Institutt for journalistikk og mediefag ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

I rapporten kjem det fram at

  • menneske med funksjonsnedsetjingar blir marginaliserte i norske medium
  • temaa i mediedekninga av funksjonsnedsetjing hovudsakleg er rettar, politikk, idrett, helse og kultur
  • nyheitsmedia i lita grad rekrutterer personar med nedsett funksjonsevne som medarbeidarar
  • media i lita grad bruker nedsetjande karakteristikkar og omgrep, men at noko kan hengje igjen i språklege formuleringar som blir brukte i andre samanhengar
  • media i møte med enkeltpersonar fokuserer meir på medynk enn på å fremje dei rettane funksjonshemma har

Blindeforbundet har valt å satse på humor i reklamefilmane sine for å få fram at blinde faktisk ikkje manglar noko anna enn synet!

I videoen sit ei dame på eit kontor og skriv på ei berbar datamaskin i stummande mørke. Ein annan person kjem inn og spør om ho vil vere med på lunsj, men ho vil skrive ferdig artikkelen først. Slagordet på slutten av filmen er: Spar straum. Tilset ein av oss!

Nedsett psykososial funksjonsevne

NRKs legendariske programleiar Erik Bye var kjend for å synleggjere minoritetar på TV-skjermen. Det vekte likevel oppsikt då han i 1971 inkluderte elevar med Downs syndrom frå Ragna Ringdahls daghjem og skole i det populære underhaldningsprogrammet sitt på laurdagskvelden. Dette var ei gruppe menneske som fram til då hadde vore heilt usynlege, både i samfunnet og i media.

TV-seriar som Tangerudbakken har seinare gitt sjåarane innblikk i livet til menneske med nedsett psykososial funksjonsevne som lever i bufellesskap.

Mats Sollid og Erling Due Bergseth sin reportasje frå Special Olympics i 2019 er eit glitrande døme på ein mediereportasje der ein ser ei sak med blikket til den gruppa som blir omtalt.

Tenk etter

Korleis skil vinklinga i Mats og Erling si dekning av Special Olympics seg frå dei sportssendingane vi vanlegvis ser på TV?

Er du galen?

Norske medium har dei siste åra løfta fram mange historier om menneske med personlegdomsavvik og psykosar. Også sosiale medium har bidrege til å gi ålmenta betre innsikt i kva slike lidingar inneber, og fjerna tabu knytte til denne forma for nedsett funksjonsevne.

Omgrep som "galen", "sinnssjuk" og "psykopat" blir likevel ganske ukritisk brukte av media om alle former for avvik frå normene til storsamfunnet. Det kan bidra til å stigmatisere menneske med nedsett psykososial funksjonsevne.

Asperger-heltane

Bilete frå TV-serien 𝘉𝘳𝘰𝘦𝘯 med Sofia Helin og Kim Bodnia i hovudrollene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For at heltane i fiktive forteljingar skal bli interessante, blir dei gjerne framstilte med ein avvikande personlegdom. Eit døme er hovudpersonen Saga Norén i den svensk-danske TV-thrilleren Broen. Kritikarane meiner at serien framstiller menneske med Aspergers syndrom som empatilause og sosialt hjelpelause. Dei hevdar at ein slik forelda, stereotyp og klisjéaktig framstilling bidreg til å forsterke fordommar mot dei som har denne diagnosen.

Miljøaktivisten Greta Thunberg har Aspergers syndrom, men ho verkar i media som ein aktiv og samansett person med evne til å fronte viktige saker. I intervju i aviser og på TV beskriv ho evna til å sjå ting i svart-kvitt som ei "superkraft" i visse tilfelle, i alle fall i saker som gjeld klima.

Kjelder

Handikapnytt. (2020). Hets mot Skarstein før "Skal vi danse". Henta 18. januar 2021 frå https://www.handikapnytt.no/hets-mot-skarstein-for-skal-vi-danse/

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. (2012). Funksjonsnedsettelser og media. Henta 18. januar 2021 frå https://kommunikasjon.ntb.no/pressemelding/funksjonsnedsettelser-og-media?publisherId=89435&releaseId=1785725

Eide, E., Grue J. & Vold, T. (2014). Stort felt – liten dekning. Medierepresentasjoner av mennesker med nedsatt funksjonsevne. Henta 18. januar 2021 frå https://bibliotek.bufdir.no/buf/101/stort_felt_liten_dekning.PDF

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 18.01.2021

Læringsressursar

Funksjonsmangfald