Hopp til innhald

Fagstoff

Funksjonsmangfald og funksjonsnedsettingar

Det finst mange ulike former for funksjonsnedsettingar, både synlege og usynlege. I Noreg vil ein femdel av befolkninga oppleve ei funksjonsnedsetting i løpet av livet. Kva utfordringar kan unge med funksjonsnedsettingar møte i samfunnet, og kva ord og omgrep er det greitt å bruke?
Jente med ei funksjonsnedsetting saman med venninner. Jenta held i ein gåstol. Alle jentene held rundt kvarandre og smiler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er funksjonsmangfald?

Det finst eit stort mangfald av ulike kroppar og måtar å fungere på blant oss menneske. Å jobbe for funksjonsmangfald handlar om å synleggjere dette mangfaldet og leggje til rette for at alle kan delta. Det inneber å byggje ned funksjonshemmande barrierar – både fysiske barrierar og manglande tilgjengelegheit – men òg sosiale barrierar i form av fordommar og stereotypiar som rammar personar med funksjonsnedsettingar.

Kva er funksjonsnedsettingar?

Ei funksjonsnedsetting eller kronisk sjukdom kan vere alt frå alvorleg sjukdom til plager vi kan leve gode liv med. Dei kan vere synlege, usynlege, medfødde eller noko du kan oppleve å få seinare i livet. Somme har diagnosar som er kjende med gode tilretteleggingsmoglegheiter. Andre kan ha sjeldne diagnosar med få gode behandlingstilbod, eller dei kan ha problem med å bli trudde.

Når vi høyrer ordet "funksjonsnedsetting", kan det vere lett å gløyme at det òg inkluderer dei av oss som har usynlege funksjonsnedsettingar eller kroniske sjukdommar. Kronisk sjukdom blir definert som sjukdommar eller tilstandar som er langvarige, eller som stadig kjem tilbake.

Funksjonsnedsettingar er ikkje alltid synlege, noko som er viktig å hugse på. Mange av oss har ei eller anna form for kronisk plage som krev at vi legg til rette kvardagen slik at vi kan bidra og delta på ein likestilt måte i samfunnslivet. Funksjonsnedsettingar og kroniske sjukdommar vil arte seg og opplevast ulikt, så det kan hende at førestillingane dine ikkje stemmer.

Personar med funksjonsnedsettingar er ei mangfaldig gruppe med store variasjonar, og det er heller ikkje ein liten minoritet. Vi reknar med at éin av fem i Noreg vil oppleve å ha ei funksjonsnedsetting i løpet av livet.

Tre ungdommar sit ved eit vatn med ryggen til. Ein av dei snur seg mot kamera og smiler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Unge med funksjonsnedsettingar

Sjølv om ungdom ikkje er ei einsarta gruppe, har dei mange felles utfordringar. Ungdomstida er ein viktig overgangsfase, der dei lærer å bli meir sjølvstendige og trer inn i vaksenlivet. Samtidig er identiteten i utvikling, og dei møter på nye utfordringar. Mange vel utdanning, flyttar heimanfrå og søkjer jobb.

Det er ikkje alltid mogleg å leve opp til forventningar om kropp, funksjonsevne eller sosial deltaking. Derfor er det viktig å hugse på at desse forventningane er relativt snevert definerte. Ungdomstida er ofte prega av sårbarheit og usikkerheit. Mange har eit ønske om å ikkje skilje seg ut eller oppfattast som annleis. For mange ungdommar er det viktig å kjenne tilhøyrsel med og vere lik dei andre i gjengen. Unge med funksjonsnedsettingar kan kanskje kjenne ekstra sterkt på dette. Opplevingar med utestenging, hatprat og mobbing kan òg gjere ungdomstida vanskelegare for unge med funksjonsnedsettingar og kronisk sjukdom.

Unge med funksjonsnedsettingar kan oppleve å møte på barrierar og utfordringar i ungdomstida og overgangsfasen til vaksenlivet som andre ungdommar ikkje kjenner på. Mange må til dømes ofte ta eit stort ansvar for eiga helse og behandling, og dette kan vere ei ekstra påkjenning. Fleire unge med funksjonsnedsettingar opplever òg at samfunnet ikkje er tilrettelagt og tilgjengeleg, noko som kan gjere det vanskeleg å delta på til dømes fritidsaktivitetar og sosiale samankomstar.

Ein mann sit i rullestol i eit portrom og ser ut på ein veg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva ord eller omgrep er greitt å bruke?

Språket vårt forandrar seg heile tida, og det er mange ulike omgrep i omløp som går på funksjonsnedsetting og kronisk sjukdom. Fleire omgrep eller uttrykk knytte til funksjonsnedsettingar eller kronisk sjukdom kan vere nedsettande eller stigmatiserande å bruke. Kva ord eller omgrep er eigentleg greitt å bruke?

For somme speler det ikkje ei stor rolle kva nemningar som blir brukte når vi snakkar om ei funksjonsnedsetting. Men dersom nokon har preferansar rundt dette, bør det respekterast. Det kan vere eit godt utgangspunkt å spørje, eller å bruke dei same nemningane som den enkelte gjer sjølv.

Somme kan vere redde for å "trakke feil" eller bruke feil omgrep når dei snakkar om funksjonsnedsettingar. Dette kan henge saman med usikkerheit rundt korleis dei skal ta omsyn til at nokon har ei funksjonsnedsetting eller kronisk sjukdom. Ofte er dei usikre fordi dei har liten kunnskap om kva det vil seie å ha ei funksjonsnedsetting. Desto viktigare er det at denne usikkerheita ikkje hindrar folk i å ta kontakt, for det kan opplevast verre å bli oversett eller unngått enn at nokon "trakkar feil". Personar med funksjonsnedsettingar er menneske akkurat som alle andre, og det er ikkje farleg å opprette kontakt.

Her er nokre døme på omgrep som ofte blir oppfatta nedsettande eller stigmatiserande når det er snakk om funksjonsnedsettingar: mongo, krøpling, tilbakeståande, retard, dverg, hemma.

Ein mann med ein amputert arm er i eit symjebasseng og held seg i kanten av bassenget med armane. Han har symjebriller på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viktige omgrep

Funksjonshemming

Funksjonshemming oppstår når det er eit gap mellom eit individ sine føresetnader og utforminga eller kravet omgivnadene har til funksjon. Funksjonshemming er ikkje ein individuell eigenskap, men eit forhold eller ein situasjon som kan oppstå i individet sitt møte med samfunnet og/eller dei fysiske omgivnadene.

Funksjonsnedsetting

Ei funksjonsnedsetting viser til tap av, skade på eller avvik i ein kroppsdel eller i ein av kroppen sine psykologiske, fysiologiske eller biologiske funksjonar. Dette kan til dømes dreie seg om nedsett rørsle-, syns- eller høyrselsfunksjon, nedsett kognitiv funksjon eller ulike funksjonsnedsettingar på grunn av allergi, hjarte- eller lungesjukdommar. Omgrepet funksjonsnedsetting er synonymt med nedsett funksjonsevne eller redusert funksjonsevne.

Funksjonshemmande forhold

Funksjonshemmande forhold viser til at utforminga av samfunnet og/eller dei fysiske omgivnadene er slik at det er vanskeleg for enkeltpersonar å ta seg fram på eiga hand og å etablere eller halde oppe eit sjølvstendig liv og eit sosialt tilvære. Viss ein bygning berre har trappetrinn og ikkje rampe i inngangspartiet, er det eit funksjonshemmande forhold. Tunge dører kan òg utgjere funksjonshemmande forhold.

Funksjonsvariasjon

Omgrepet funksjonsvariasjon kan brukast for å beskrive "den fysiske, psykiske eller kognitive variasjonen som finst hos alle menneske, utan å vurdere han som nedsett, fullkommen, frisk eller sjuk". Funksjonsvariasjon er med andre ord noko alle menneske har. Omgrepet skil seg dermed frå funksjonsnedsetting, som beskriv ei bestemd gruppe menneske.

Å ha ein normbrytande funksjonsvariasjon inneber å ha ein funksjonsvariasjon som bryt med dei rådande funksjonsnormene i samfunnet. Personar med funksjonsnedsettingar har ein normbrytande funksjonsvariasjon.

Funksjonsvariasjon er ikkje eit synonym til funksjonsnedsetting, men eit omgrep som kan gjere tydeleg at det er normene i samfunnet som er problemet og ikkje sjølve funksjonsnedsettinga.

Døme på funksjonsnedsettingar eller diagnosar:

● astma og allergi

● kreft

● epilepsi

● angst

● cerebral parese

● ADHD

● psoriasis

● diabetes

● muskelsjukdom

● hjartesjukdom

● revmatiske sjukdommar

Du finn òg ei oversikt over omgrep om funksjonsmangfald på NRK.

Denne artikkelen er skriven av Unge funksjonshemmede.

Kjelder

Funksjonsmangfold. (u.å.). I Balansemerket. Henta 22. mars 2022 frå https://balansemerket.no/ordliste/funksjonsmangfold/

Unge funksjonshemmede. (u.å.). Hva er ei funksjonsnedsettelse? Henta 22. mars 2022 frå https://ungefunksjonshemmede.no/ressurser/kurs/kronisk-inkludering/ung-og-funksjonshemmet/hva-er-en-funksjonsnedsettelse/

CC BY-SASkrive av Maren Hagen Fuglesang.
Sist fagleg oppdatert 12.10.2022

Læringsressursar

Funksjonsmangfald