Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

SPOR – inkludering og mangfald

Kva skal til for at nokon kjenner seg som ein del av fellesskapen? I dette utdraget frå framsyninga SPOR møter du eit mangfald av ungdommar og får eit innblikk i nokre av dei utfordringane dei har møtt i livet sitt.

Oppgåve 1

Del 1: Før du ser filmen

  1. Kva vil det seie å ha ei funksjonsnedsetting?

  2. Kjenner du til nokon som har ei form for funksjonsnedsetting? Kva består ho i så fall i? Korleis trur du det påverkar personen å ha det sånn? Diskuter tankane dine med ein medelev.

  3. Omgrepet "funksjonsnedsetting" blir av og til erstatta med omgrepet "funksjonsvariasjon". Kvifor trur de nokon meiner dette er eit betre omgrep? Diskuter i grupper/klassen.

Del 2: Sjå filmen og noter undervegs

Ta for dykk nokre av nummera de får sjå i filmen:

  1. Kva er temaet, og korleis er det framstilt? (dans, song, monolog og så vidare)

  2. Kva oppfattar du er hovudbodskapen til personen/personane?

  3. Kva verkemiddel blir brukte for å få fram tema og bodskap?

Del 3: Drøft og reflekter

  1. Kva kan ei slik framsyning lære oss om å falle utanfor samfunnet?

  2. Kvifor trur de framsyninga har fått tittelen SPOR?

  3. Kva kan du/de gjere for at alle elevar skal kjenne seg inkludert på skulen?

Oppgåve 2

Sjå utdraget frå framsyninga SPOR og diskuter i par eller grupper:

  1. Kva gjorde inntrykk på dykk i framsyninga?

  2. Alle kan i periodar kjenne seg utanfor ein felleskap, sjølv om ein ikkje har ei funksjonsnedsetting. Kva tenker de kan vere årsaka til slike kjensler? Skriv ned så mange stikkord de klarer.

  3. Bruk eit eller fleire av stikkorda som utgangspunkt og lag ein tekst om utanforskap inspirert av framsyninga, anten individuelt eller i grupper. Kanskje skal det bli ei lita framsyning, eit hefte med lyrikk eller ei skuleavis med temaet?

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 31.10.2022

Læringsressursar

Funksjonsmangfald