Universelt utforma innhald tilpassa ulike funksjonsnedsetjingar - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Universelt utforma innhald tilpassa ulike funksjonsnedsetjingar

Korleis tek du omsyn på ulike måtar når du lagar nettinnhald og medieprodukt? Personar med ulike funksjonsnedsetjingar vil ha ulike behov.
Kort introduksjon til universell utforming. Video: Difi / CC BY-SA 4.0

Ein person kan ha ei heile livet, eller det kan vere noko som oppstår ein avgrensa periode, som å brekke ein arm eller å få ein forbigåande augeskade. Ved å lageinnhald gjer vi innhald tilgjengeleg for fleire. Nedsett funksjonsevne gjer det utfordrande å bruke ein app eller ei nettside eller å oppfatte innhaldet i medieprodukt.

Når du lagar innhald, kan du tenke på korleis du kan dekke behov knytte til ulike typar funksjonsnedsetjing, som

  1. blindskap eller nedsett syn

  2. høyrselsutfordringar

  3. motoriske utfordringar

  4. kognitive utfordringar

  5. lese- og skrivevanskar

1. Blindskap eller nedsett syn

Nokre er blinde, og andre har nedsett syn, som vil seie at dei kan sjå litt. For dei som ikkje ser, er det viktig at

  • nettinnhald er godt og logisk strukturert

  • nettinnhald er tilgjengeleg gjennom

  • innhald som ikkje er tekst, som lyd, foto eller video, er tilgjengeleg i tekstform

  • nettløysinga er koda rett og merkt med rett språk, slik at skjermlesarar kan fange opp innhaldet på rett vis

  • menyar på restaurantar er tilgjengelege digitalt eller har punktskrift

For dei som har nedsett syn og kan sjå noko, er det i tillegg viktig at

  • tekst, bilete og tabellar kan forstørrast utan at kvaliteten blir dårlegare

  • bilete og grafikk har gode kontrastar, og det er tydeleg kontrast mellom tekstfarge og bakgrunn

  • det blir brukt tydelege fontar utan, som er lette å tyde og angir tydelege tal

Du kan finne ut meir om korleis du kan legge til rette for personar som er blinde eller har nedsett syn, ved å lese om universell utforming på Blindeforbundets nettsider.

2. Høyrselsutfordringar

Personar kan vere døve eller ha nedsett høyrsel. For å legge til rette for personar som ikkje høyrer, er det viktig å

  • tekste eller transkribere innhald med lyd, slik som lydklipp og video

  • gi tilbakemelding til brukaren på fleire vis dersom nettsida bruker lyd for å gi respons

    Dersom det er ein pling-lyd når brukaren svarer rett, bør det òg vere ein visuell respons, til dømes eit bilete, symbol eller tekst. Dersom det er ein app, kan vi legge inn svak vibrasjon som respons i tillegg til tekst.

For personar som kan høyre litt, er det viktig at

  • lydklipp med tale har lite bakgrunnstøy og høg nok lyd, og at folk snakkar tydeleg

Du kan lese meir om høyrsel og universell utforming på nettsidene til Statped.

3. Motoriske utfordringar

Det kan vere mange grunnar til at personar kan ha utfordringar med å navigere med mus eller bruke berøringsflate. Personar kan mangle arm, hand eller fingre. Nokre kan skjelve på hendene eller ha leddproblem som gjer det vanskeleg å navigere med mus eller treffe små berøringsfelt.

For personar som har utfordringar med å navigere med mus eller berøringsflate, er det viktig at

  • innhald er mogleg å nå gjennom tastaturnavigasjon

  • det er fleire måtar å navigere og finne informasjon på

  • sentralt innhald er lett å finne

  • innhald er koda rett og har logisk rekkefølge slik at tastaturnavigasjon kan brukast på ein formålstenleg måte

  • innhald der brukaren skal gi "input", som å skrive, krysse av og liknande, må kodast rett og vere lett å bruke på fleire måtar

4. Kognitive utfordringar

Personar med nedsett kognitivt nivå kan trenge hjelp med å forstå innhald. For personar med kognitive utfordringar er det viktig at

  • språket er klart, tydeleg og forståeleg

  • det er god struktur i innhaldet, og at titlar er presise og tydelege

  • lange tekstar blir brotne ned med mellomtitlar, luft, opplisting og bruk av visuelle element

  • vanskelege ord blir forklarde

  • innhaldet blir forklart på fleire måtar, til dømes med kombinasjon av tekst, bilete og grafikk

  • det er mogleg å sjå video, lytte til lydklipp eller lese tekst i deira eige tempo, til dømes ved å ha moglegheit for å justere fart og setje på pause

5. Lese- og skrivevanskar

For personar med lese- og skrivevanskar kan det vere vanskeleg å oppfatte og avkode tekst. Denne gruppa vil ha nytte av at

  • tekst er tilgjengeleg digitalt, koda rett og kan lesast opp av

  • det blir brukt visuell støtte som bilete, illustrasjonar, symbol og video for å forklare og formidle innhald

  • tekst er godt strukturert og oversiktleg, og at det er ikkje for tunge og lange setningar

  • vanskelege og lange ord blir forklarte med

Du kan lese meir om korleis du kan legge til rette for personar med lese- og skrivevanskar på desse nettsidene:

Rettleiing til produsentar av medie- og it-innhald

Tilsynet for universell utforming av ikt, òg kalla Uutilsynet er ei god kjelde for å få rettleiing og støtte når vi lagar nettinnhald som skal vere universelt utforma. Tilsynet har laga rettleiingar knytte til ulike innhaldstypar, slik at medie- og it-produsentar kan lage tilgjengeleg innhald for mange ulike brukarar.

Uutilsynet: Veiledning

NDLA har laga støtteressursar om universell utforming av medieprodukt som kan vere til hjelp i produksjon av medieinnhald og nettinnhald.

Kjelder

Blindeforbundet. (u.å.). Universell utforming. Henta 11. april 2022 frå https://www.blindeforbundet.no/universell-utforming

Kunnskapsbanken. (u.å.). Hjelpemidler for personer med språkvansker. Henta 28. april 2022 frå https://www.kunnskapsbanken.net/hjelpemidler-for-personer-med-sprakvansker/

Statped. (u.å.). Hørsel og universell utforming. Henta 11. april 2022 frå https://www.statped.no/horsel/tilrettelegging/horsel-og-universell-utforming/

Statped. (u.å.). Tiltak ved lese- og skrivevansker, lese- og skrivevansker i videregående skole. Henta 28. april 2022 frå https://www.statped.no/lese--og-skrivevansker/tiltak-ved-lese--og-skrivevansker/#videregaende-skole

Skrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2022