Hopp til innhald

Funksjonsmangfald

Det finst eit mangfald av ulike kroppar og eit mangfald av ulike måtar å fungere på. Men samfunnet vårt er ikkje tilpassa alle i like stor grad. Kva utfordringar møter dei av oss som har ei funksjonsnedsetjing, i Noreg i dag?
Sprintarar med protesar på startstreken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det eksisterer mange ulike former for funksjonsnedsetjingar. Funksjonsnedsetjingane kan vere synlege eller usynlege, og dei kan vere meir eller mindre alvorlege. I Noreg vil over ein femdel av befolkninga oppleve ei funksjonsnedsetjing i løpet av livet.

Mange kan vere usikre på korleis dei skal møte nokon med ei funksjonsnedsetjing. Dei av oss som har ei funksjonsnedsetjing, opplever ofte fordommar og ulike former for sosiale og fysisk barrierar i fritida, på skulen og i arbeidslivet.

For å skape eit inkluderande samfunn er det derfor viktig at alle får auka kunnskap om funksjonsnedsetjingar. På den måten kan vi motverke fordommar og diskriminering og skape eit meir ope og inkluderande samfunn.

I samarbeid med Unge funksjonshemmede har vi laga ein læringssti om funksjonsmangfald. Denne læringsstien eignar seg godt som ein introduksjon til temaet funksjonsmangfald, og han kan brukast som utgangspunkt for vidare arbeid med temaet i mange ulike fag. I læringsstien vil du

  • få kunnskap om funksjonsmangfald, funksjonsnedsetjingar og funksjonsnorma

  • reflektere over kva normer og forventningar ungdom med funksjonsnedsetjingar ofte blir stilte overfor

  • utforske kva utfordringar og fordommar ungdommar med funksjonsnedsetjingar kan møte

  • diskutere kva du, skulen og samfunnet kan gjere for at alle skal bli inkluderte

De kan gå gjennom alle oppgåvene og artiklane i læringsstien eller velje ut enkelte delar.

Vi har òg lagt til artiklar og oppgåver om funksjonsnedsetjingar knytte til ulike fag. På denne måten kan de jobbe vidare med temaet i fag som norsk, samfunnskunnskap, mediefag og helse- og oppvekstfag.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 12.10.2022