Kva er kjønn?
Kjønn blir ofte knytt til kropp og biologi. Mange tenkjer på kjønn som ei enkel todeling: Ein person er anten gut/mann eller jente/kvinne, avhengig av korleis kroppen er sett saman.
Det som ofte blir kalla "biologisk kjønn", er i røynda svært komplekst og omfattar fleire ulike ting, mellom anna kromosomsamansetning, genitalia, kva hormon som dominerer, og korleis dei verkar på cellene i kroppen. Ofte heng desse tinga saman med den tradisjonelle forståinga i samfunnet av kroppsleg kjønn, men det treng ikkje nødvendigvis å vere ein samanheng her. Kroppar er meir ulike enn du kanskje skulle tru, og derfor kan det vere vanskeleg å seie at enkelte trekk ved ein kropp er enten "mannlege" eller "kvinnelege".
Juridisk kjønn er det kjønnet vi er registrerte som i offentlege dokument, til dømes i Folkeregisteret eller i passet. I Noreg i dag kan ein juridisk sett vere anten mann eller kvinne, og det er mogleg å søkje om å endre frå det eine til det andre. I somme land, mellom anna Danmark og Pakistan, finst det òg ein tredje juridisk kjønnskategori.
Det har fleire gonger blitt foreslått å innføre ein tredje juridisk kjønnskategori òg i Noreg, men dette har hittil blitt nedstemt i Stortinget.
I Noreg i dag står alle fritt til å søkje om juridisk kjønnsendring. Tidlegare måtte ein oppfylle visse krav, men slik er det ikkje lenger. Les meir på https://www.helsenorge.no/rettigheter/endring-av-juridisk-kjonn/
Måten vi uttrykkjer oss på på utsida, til dømes gjennom klede, hårfrisyre eller kroppsspråk, handlar mykje om stil, smak og personlegdom. Mange uttrykk er nært knytte til dei kulturelle oppfatningane våre om kjønn. Å gå med kjole kan ofte bli sett på som noko som er knytt til å vere jente eller kvinne. Korleis vi vel å kle oss og oppføre oss, blir dermed ofte eit uttrykk ikkje berre for personlegdommen vår, men også kjønnet vårt. Dette kallar vi kjønnsuttrykk.
Kva uttrykk som blir assosierte med kva kjønn, har endra seg gjennom historia og er framleis i endring. I USA tidleg på 1900-talet blei til dømes rosa sett på som "gutefargen", mens blå var "jentefargen", og i Frankrike på 1700-talet var det vanleg at menn frå overklassen brukte høghæla sko. Syn på kjønnsuttrykk varierer òg mellom kulturar.
Alle menneske har ei indre kjensle av kva slags kjønn dei er eller ikkje er. Dette kallar vi kjønnsidentitet . Kjønnsidentitet treng ikkje å henge saman med kropp, juridisk kjønn eller korleis ein uttrykkjer seg til omverda. Kjønnsidentitet er noko heilt eige, og det er berre vi sjølve som veit kva for ein kjønnsidentitet vi har.
Det finst fleire ulike typar kjønnsidentitetar:
Cispersonar er folk som identifiserer seg med det kjønnet dei blei registrerte som ved fødselen. Dei fleste menneske er cis.
Transpersonar er folk som ikkje identifiserer seg med det kjønnet dei blei registrerte som ved fødselen. Anslagsvis mellom 0,1 % og 2,7 % av befolkninga er trans.
Det store mangfaldet av kjønnsidentitetar som finst blant menneske, kallar vi kjønnsmangfald. Kjønnsmangfaldet omfattar alle. Også cispersonar er ein del av mangfaldet.
Transpersonar
Somme transpersonar har ein identitet som flyt mellom mannleg og kvinneleg. Somme transpersonar reknar seg som eit tredje kjønn, som verken er mann eller kvinne, og somme opplever seg som fleire kjønn på ein gong. Det er òg somme som ikkje reknar seg som noko kjønn i det heile. Dei av oss som har ein kjønnsidentitet som ikkje er anten berre mann eller berre kvinne, blir kalla ikkje-binære.
Somme transpersonar er kvinner (som blei registrerte som gutar ved fødselen) og menn (som blei registrerte som jenter ved fødselen). Desse blir gjerne kalla transkvinner og transmenn, men det er ulikt frå person til person om (og i kva grad) ein ønskjer å bruke ordet "trans” om seg sjølv.
Mange blandar ofte saman kjønnsidentitet og seksuell orientering. Somme spør kanskje kvifor ei transkvinne, som blei registrert som gut ved fødselen, går over til å leve som kvinne sjølv om ho er tiltrekt av kvinner.
Svaret er at kjønnsidentitet og seksuell orientering er to ulike ting. Transpersonar kan vere heterofile, bifile, homofile, lesbiske, og så vidare akkurat som cispersonar. Ei transkvinne som blir tiltrekt og forelskar seg i kvinner, kan til dømes definere seg som lesbisk eller bifil.
Denne artikkelen er skrive av Rosa kompetanse.
Relatert innhald
Det store mangfaldet av kjønnsidentitetar og kjønnsuttrykk som finst blant menneske, kallar vi kjønnsmangfald.