Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Påvirkning frå sosiale medium?

Oppgåve

Klasseundersøking om marknadsføring i sosiale medium

Kven får kva for typar reklame med utgangspunkt i kva for nokon personlege data? Gjer ei undersøking i klassen og kommenter resultata.

Første fase

I første fase av undersøkinga skal de samle screenshots, altså skjermdumpar av det de opplever som marknadsføring i den personlege straumen sosiale medium de bruker.

Finn fram smarttelefonen din eller nettbrettet ditt og gjer følgjande:

  • Tenk gjennom kva for 3 sosiale medium eller bloggar du bruker mest tid på. Det kan til dømes vere Instagram, Facebook, Snapchat, Youtube eller andre bloggar/sosiale medium du bruker.
  • Gå inn på det sosiale mediet eller bloggen du bruker aller mest tid på. Ta skjermbilete av marknadsføringa du legg merke til i straumen din. Marknadsføring kan vere all slags innhald der du tenkjer at nokon ønskjer å påverke deg til å få lyst på eit produkt eller ei teneste – til dømes reklame-annonsar, sponsing av ein kjend person eller andre aktivitetar som bidreg til å gjere ein logo eller eit varemerke kjent.

Andre fase

I andre fase skal de skrive kommentarar og setje opp reaksjonar på bileta som er hengt opp på veggane.

  • Last ned og skriv ut bobler og emojis
  • Gjer det gjerne på same tid som de hengjer opp utskriftene..
  • De kan dele klassen i to der halve klassen hengjer opp utskrifter på kvar sin vegg, og så byter de vegg når de skal gi reaksjonar og kommentarar.

Filer

Tredje fase

Set av tid til å klippe ut, skrive kommentarar og lime reaksjonar om kommentarar på utskriftene.

Diskuter kva de opplevde og tenkjer etter denne øvinga. Var det noko de lærte frå den, og i tilfelle kva?

Oppgaven er inspirert av metoden i denne rapporten:

Rosenberg, Thea, Steinnes, Kamilla Knutsen og Storm-Mathisen, Ardis (2018). Markedsføring og personvern i sosiale medier – en flermetodisk undersøkelse med barn som medforskere. Oppdragsrapport 13- 2018. Forbruksforskningsinstituttet SIFO, OsloMet – storbyuniversitetet.

Les populærfremstillingen Nye forskningsmetoder avslører ulovlig reklame til barn (OsloMet).

CC BY-SA 4.0Skrive av Thea Rosenberg , Kamilla Knutsen Steines og Ardis Storm-Mathisen . Rettshavar: Forbruksforskningsinstituttet SIFO, OsloMet
Sist fagleg oppdatert 15.10.2019