Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kremen av iskrem

Korleis prøver reklamefilmar å påverke deg og meg? Ein kort reklamefilm kan spele på ei rekke ulike kjensler og vekke mange ulike assosiasjonar. Analyser ein reklamefilm for iskrem, og finn ut korleis han prøver å nå fram til publikummet sitt.

Oppgåve 1. Kremen av iskrem

Diskuter i grupper

  1. Kva er hovudbodskapen i reklamen?
  2. Kva er formålet med reklamen?
  3. Kva verkemiddel bruker reklamen for å nå fram til målgruppa?
  4. I kva grad er dette ein livsstilsreklame? I kva grad prøver reklamen å appellere til kva slags liv vi ønsker å leve?

Oppgåve 2. Analyser reklamen

Når du skal analysere ein reklame, er det lurt å først få oversikt over kva delar reklamen består av, og kva for ulike ord og bilete dei bruker. Bruk det vedlagde skjemaet og fyll inn dei manglande rutene før du svarer på spørsmåla.

Filer

  1. Svar på spørsmåla ved hjelp av analyseskjemaet.

    1. Korleis speler reklamen på patos? Kva for ulike ønske, kjensler og lengslar speler reklamen på? (patosappell)
    2. Korleis speler reklamen på etos? Korleis prøver Hennig-Olsen å verke truverdige? (etosappell)
    3. Korleis blir musikken brukt i oppbygginga av reklamen?
    4. I kva grad appellerer ulike delar av reklamen til ulike målgrupper?
    5. Har reklamen ein felles bodskap som bind alle delane av reklamefilmen saman?
  2. Gå inn på nettsida hennig-olsen.no og undersøk kva som er typiske ingrediensar i iskrem. Samanlikn ingrediensane med kosthaldsråda frå Helsedirektoratet. Er det noko samsvar mellom ingrediensane i iskrem og kosthaldsråda?
  3. Diskuter i kva grad det er ein samanheng mellom bileta, teksten og bodskapen i reklamen og sjølve produktet det blir reklamert for.
CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 12.09.2020

Læringsressursar

Livsstilsløgner