Forsøk: Kor super er supermaten?
I dette forsøket skal de samanlikne næringsinnhaldet i supermat med næringsinnhaldet i nokre "vanlege" matvarer.
Lag ein eller fleire hypotesar om supermat og næringsinnhald før de byrjar.
I første del av forsøket skal de undersøke C-vitamininnhaldet i ulike typar jus.
Forprøve – påvising av C-vitamin
- Hell om lag 15 mL vatn i to små begerglas.
- Tilset konditorfarge slik at vatnet får litt farge.
- La ein halv C-vitamintablett bruse i litt vatn, og tilset 10 mL av denne løysninga til det eine begerglaset.
- Dypp ein bomullspinne i klorin, og rør om i glaset med C-vitamin.
- Dypp ein annan bomullspinne i klorin, og rør om i glaset utan C-vitamin.
På bakgrunn av det de observerer, korleis kan de påvise C-vitamin i ei løysning?
Løysning A – jod-løysning (bør lagast av læraren på førehand)
- Løys opp 0,63 g kaliumjodid () og 0,035 g kaliumjodat () i 100 mL vatn i ein 250 mL målekolbe.
- Tilset 0,5 mL konsentrert svovelsyre ().
Fyll opp vatn til 250 mL-merket.
Løysning B – stivelseløysning
- Ha 1,0 g stivelse i eit begerglas, og tilset vatn til 100 mL. Bland godt.
- Kok løysninga med eit urglas på toppen til ho blir homogen. Kjøl ho ned.
Løysningar med kjent C-vitamininnhald
- Løys opp ein C-vitamintablett i 200 mL vatn.
- Overfør henholdvis 50 mL, 25 mL og 12,5 mL av denne løysninga til kvart sitt begerglas.
- Tilset vatn slik at alle løysningane har eit totalvolum på 100 mL.
I tabellen under har vi teke utgangspunkt i ein C-vitamintablett med 1000 mg C-vitamin.
Prøve NR. | 1 | 2 | 3 | 4 |
---|---|---|---|---|
vatn | 100 mL | 75 mL | 50 mL | 0 mL |
løysning med C-vitamin | 0 mL | 25 mL | 50 mL | 100 mL |
mengd C-vitamin | 0 mg | 125 mg | 250 mg | 500 mg |
kons. | ||||
talet på dropar jod tilsett |
Mål C-vitamininnhaldet og lag standardkurve
- Ta ut 5 mL av kvar av prøvene 1–4, og overfør det til kvart sitt 100 mlLbegerglas.
- Tilsett 1 mL stivelsesløysning (løysning B) til kvart av dei.
- Bruk ein pipette og tilset jodløysning (løysning A) dropevis. Tel kor mange dropar de må tilsetje før de får ei fargeendring.
- Set inn talet på dropar i tabellen over.
- Lag ei kurve med konsentrasjon av C-vitamin på x-aksen og talet på dropar på y-aksen. Finn den linja som passar best til punkta. Denne kurva kan de no bruke vidare for å analysere innhaldet i løysningar der de ikkje kjenner C-vitaminkonsentrasjonen på førehand.
- Ta ut 5 ml av den jusen de vil undersøke, og tilsett 1 ml stivelsesløysning.
- Tilset jodløysning dropevis til de får ei fargeendring.
- Bruk talet på dropar til å bestemme konsentrasjon av C-vitamin i jusen.
Lag ei oversikt der de rangerer dei ulike jusane etter C-vitamininnhald.
- Finn C-vitamininnhaldet i jusen på emballasjen. Korleis stemmer dette med resultata de fekk?
- Stemde hypotesane deira?
- Kor stort er dagsbehovet for C-vitamin for dykk? Kor mykje av dei ulike jusane må de drikke for å få dekt dette behovet?
- I forsøket skjer det ei fargeendring fordi C-vitamin oksiderer eit anna stoff. Kvifor kallar vi då C-vitamin for ein antioksidant?
I denne delen skal de samanlikne proteininnhaldet i linfrø og chiafrø.
- Veg opp 0,5 g med chiafrø og 0,5 g med linfrø.
- Knus frøa i ein mortar.
- Overfør dei knuste frøa til kvart sitt reagensglas, og tilset 5 mL vatn.
- Set ein kork i opninga og rist godt.
- Hell 5 mL med mjølk i eit tredje reagensrøyr og 5 mL destillert vatn i eit fjerde reagensrøyr.
- Tilset 10 dropar kopar(II)sulfatløysning til kvart av dei fire reagensrøyra.
- Bruk ein pipette og tilset 1 mL
til kvart reagensrøyr.NaOH - Sett på korkane og risa røyra godt.
- Observer fargeendringar.
Ta bilete av reagensrøyra, og vurder proteininnhaldet i dei ulike prøvene.
- Stemde hypotesane deira?
- Finn proteininnhaldet i matvarene på emballasjen. Korleis stemmer dette med resultata de fekk?
- Kor stort er dagsbehovet for protein for dykk? Kor mykje av dei ulike matvarene må de få i dykk for å få dekt dette behovet?
Bruk resultata de har komme fram til, og vurder i kva grad nemninga "supermat" er dekkande for desse matvarene.