Hopp til innhald

Sportsvasking

Idrett kan blir brukt til å pynte på eit tvilsamt rykte. Dette blir kalla sportsvasking.
Ein mann i argentinsk fotballdrakt med gullmedalje på brystet får på seg ei kappe av to menn som er arabisk kledde og ein mann som er vestleg kledd. Foto.

Då Qatar blei tildelt fotball-VM 2022, blei det fart på diskusjonane rundt sportsvasking, og i 2021 blei ordet sportsvasking kåra til "årets ord" av Språkrådet. Sjølv om ordet er ganske nytt, har fenomenet eksistert lenge. I læringsstien "Sportsvasking" blir de kjende med omgrepet, og de får studere ulike døme på sportsvasking. De skal òg diskutere kven som har ansvaret for at sportsvasking føregår, og kva som kan gjerast for å stoppe eller forhindre at det skjer.

Etter at de har jobba med læringsstien, kan de til dømes utforske fenomenet vidare i oppgåva "Sportsvaskingsdetektiv" eller gå nærare inn på ansvaret frå utøvarane i oppgåva "Kva for eit ansvar har enkeltutøvaren?

Aktuelle fag

Dette er eit tverrfagleg emne. Ressursane er spesielt relevante i samfunnskunnskap, religion og etikk, politikk og menneskerettar og idrett og samfunn.

Dette undervisningsopplegget er laga i samarbeid med Are Fridtjof Førsund ved Fyrstikkalléen skole.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 23.03.2023

Læringsressursar

Sportsvasking