Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Er ytringsfridommen i Noreg avgrensa?

I Noreg har vi ytringsfridom, men betyr det at vi kan seie, skrive og meine kva vi vil? Sjå videoen og svar på oppgåvene.

Oppgåve 1

  1. Kva avgrensingar er det for ytringsfridommen, ifølgje Anine Kierulf?

  2. Kvifor er det slike avgrensingar av ytringsfridommen?

  3. Burde det vore fleire eller færre avgrensingar av ytringsfridommen?

  4. Kva tenkjer du? Burde det vere lov å seie kva som helst i eit demokrati, sjølv om det sårar nokon?

  5. I filmen seier Anine Kierulf: "Bruker du ytringsfridommen på ein måte som gjer at folk ikkje orkar å delta i ordskiftet, så undergrev du ytringsfridommen du sjølv er avhengig av." Drøft denne påstanden.

Oppgåve 2

Vinteren 2020 blei to personar dømde i Høgsterett for å ha ytra seg spesielt sjikanøst og krenkjande i sosiale medium. Seinare same år blei medlemmer av den nynazistiske organisasjonen Den nordiske motstandsbevegelsen frikjende for bruk av hakekors og slagord på banner. Klikk på lenkene under for å lese om dei to sakene. Drøft kvar grensene går mellom kritiske ytringar om religion og etnisitet og hatefulle ytringar.

Mange unge på sosiale medium opplever netthets. Diskuter i grupper om de har døme på ytringar i sosiale medium som har gått over grensa, og kva som kan gjerast for å førebyggje netthets.

Oppgåve 4

Omtrent 50 prosent av befolkninga i verda bur i land der ytringsfridommen er trua eller ikkje blir overhalden. Vel deg eit land der det ikkje er reell ytringsfridom og undersøk nærare følgjande punkt:

  • Kva er bakgrunnen for at folk ikkje har rett til å ytre seg i dette landet?

  • Kva slags ytringar er avgrensa eller forbode her?

  • Kva konsekvensar får det viss nokon bryt forboda eller avgrensingane i landet?

Bruk Reportere uten grenser si oversikt over ytringsfridom og pressefridom for å finne eit aktuelt land. Landa i kartet er rangerte etter fargekodar: Bra (kvit), ganske bra (gul), problematisk (oransje), dårleg (raud), veldig dårleg (svart).

Lag ein liten presentasjon basert på funna dine.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi og Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 13.01.2022

Læringsressursar

Ytringsfridom, sensur og grenser