Filmoppgåve: Møt sensorene
Snakk saman parvis eller diskuter i klassen:
Kva er eigentleg meint med ytringsfridom og sensur?
Burde det vere tillate å ytre seg om kva som helst, sjølv om det kan såre nokon?
Kjenner de til nokon stader der ytringsfridommen er utsett for sensur? Kvifor er det slik?
I filmen Møt sensorene på NRK møter regissør og filmskapar Håvard Fossum folk som av ulike årsaker utøver sensur. I filmen besøkjer han sørsudanske styresmakter, iranske ayatollaher, indiske filmsensorar og eit offentleg kontor i Berlin. I tillegg besøkjer han USA, Sverige og Kina.
Denne oppgåva kan du jobbe med individuelt, men det er lurt å diskutere med sidemannen når du har svart på alle delspørsmåla:
Kva besøk gjorde mest inntrykk på deg? Kvifor det?
Korleis argumenterer sensorane for saka si?
Har sensur blitt misforstått? Er sensur meir komplekst enn vi trur og vanskelegare enn vi er vande til å tenkje?
Kvar meiner du vi skal setje grensa mellom sensur og ytringsfridom?
Set dykk saman parvis eller i små grupper. Diskuter i gruppa og bruk 4–5 minutt per spørsmål:
Burde vi kunne stoppe visse ytringar når dei er sterkt skadelege? Kvifor? Kvifor ikkje?
Kan meir bruk av sensur vere nyttig for å
hindre spreiing av openbert falske nyheiter
hindre motstand mot felles helsetiltak som smittevern og vaksine
hindre krenkjande, sårande og hatske ytringar på sosiale medium
Viss sensur kan ha noko for seg i eit demokrati, kvar skal grensa gå for kva som er innanfor og utanfor? Kven skal bestemme det?
Viss ikkje sensur er løysinga, kva er alternativa?
Samanfatt i klassen
Vil du vite meir om temaet, kan du lytte til podkasten Opplysningsvesenet på Human-etisk Forbund.