Hopp til innhald

Fagstoff

Grenser for ytringsfridommen

Ytringsfridommen står sterkt i Noreg, og du har vide rettar til å ytre deg som du vil. Likevel er det nokon grenser for kva du kan seie og gjere i namnet til ytringsfridommen.
Mann med ropert som er i ferd med å bli slått ned av klubbe. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva avgrensar ytringsfridommen din?

Både formelle normer, som lovverket, og uformelle normer kan setje grenser for ytringsfridommen din. Dei uformelle normene er nok det som er vanskelegast å spesifisere. For kva er det som gjer at du stoppar deg sjølv frå å seie meiningane dine?

Kanskje har du nokon gonger halde tilbake meiningane dine i frykt for å bli latterleggjort av andre menneske? Uformelle avgrensingar på ytringsfridommen kan ha vel så stor tyding for den faktiske ytringsfridommen som formelle, lovmessige avgrensingar. Upopulære ytringar kan til dømes føre til mobbing og utestenging, dette kan verke avgrensande på ytringsfridommen.

Lovverket

Norsk lov vernar ytringsfridommen, men lova vernar òg mot ytringar som er lovstridige. Kva som er lovstridige ytringar kan vi lese om i straffelova der det står om diskriminerande og hatefulle ytringar i §185. Der kan du lese at det er ikkje lov å true eller håne nokon, fremje hat eller forfølging ovanfor nokon på grunn av deira

  • hudfarge eller nasjonale, eller etniske opphav
  • religion eller livssyn
  • homofile orientering eller
  • nedsette funksjonsevne

Mange opplever hatytringar på sosiale medium, og det er nok ikkje alle som er klar over kva som er lov og ikkje lov.

Ytringsfridommen som menneskerett verda over

Ytringsfridommen er verna av FNs menneskerettserklæring. Dette er ei erklæring som er støtta av alle land i verda. Likevel er det slik at i fleire land i verda kan ein bli straffa for å uttrykke meiningane sine. I land som dette kan ein bli fengsla for å skrive eit innlegg på Facebook eller delta i ein demonstrasjon. Journalistar som skriv om menneskerettar og ytringsfridom kan òg bli straffa. Dette er ein type maktmisbruk som kan utførast både av regjeringar, væpna grupper eller familiemedlemmar som blir oppmoda til å seie i frå om åtferd som ikkje er akseptert i landet.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi og Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 22.04.2020

Læringsressursar

Ytringsfridom, sensur og grenser