Hopp til innhald

Fagstoff

Frå sensur til trykkjefridom

På 1600- og 1700-talet var alle trykksaker som vart gitte ut i Danmark-Noreg, underlagde kongeleg sensur. Først i 1770 vart sensuren oppheva. Det var ein siger for fridomen til individet. I 1814 vart prinsippet om trykkjefridom nedfelt i den norske grunnlova.
Forsamling rundt skafottet der to menn blir henrettet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sensuren vert oppheva

I 1770 fekk den liberale legen Johann Friedrich Struensee ein maktposisjon ved det danske hoffet. Han var oppteken av dei franske filosofane i samtida og idéane deira om fridom og menneskerettar. Som livlege hadde Struensee stor innverknad på den sinnssjuke kongen. Han innleidde til og med eit forhold til dronning Caroline Mathilde og fekk eit barn med henne.

Noko av det første Struensee gjorde, var å oppheve sensuren og innføre trykkjefridom. Slik opna han for ein fri offentleg debatt. Opplysningsfilosofane meinte at den frie debatten var ein føresetnad for å utvikle eit godt samfunn.

Resultatet vart eit frislepp av litteratur og aviser. Nye verkemiddel som ironi og satire vart tekne i bruk, no då ingen lenger kunne straffast for å håne makteliten eller andre personar ein hadde noko uteståande med. Men mangel på grensesetjing førte også til at rykte og vondsinna sladder vart spreidde som eld i tørt gras. Kanskje ser vi ein parallell mellom 1770-åra og grenselause meiningsytringar i nye sosiale medium i vår tid?

Her rir dronningen over skrevs på hesten som en mann, mens Struensee titter ut av fangehullet på sin elskerinne og deres barn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trykkjefridom vert grunnlovfesta

Etter berre halvtanna år tok eineveldet makta attende. Trykkjefridomen vart innskrenkt, men sensuren vart ikkje gjeninnført. Struensee vart likevel kasta i fengsel og avretta.

I 1814 vart prinsippet om trykkjefridom skrive inn i den norske grunnlova, der det i § 100 heiter: «Trykkefrihed bør finde sted.» Trykkjefridomen innebar at det ikkje lenger var risikabelt å kritisere styresmaktene, regjeringa og kongen. Denne lovbestemminga bana også vegen for at heile befolkninga etter kvart fekk tilgang til kunnskap som tidlegare berre nokre få hadde kunna nyte godt av.

CC BY-SASkrive av Marte Lindstad Næss og Ragna Marie Tørdal. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 13.04.2021

Læringsressursar

Ytringsfridom, sensur og grenser