Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ludvig Holbergs kritikk av sensuren

Ludvig Holberg, diktar og professor ved universitetet i København på 1700-talet, kritiserte den offentlege sensuren av forfattarar i Danmark-Noreg. I denne kjeldeoppgåva skal du sjå nærare på Ludvig Holbergs kritikk.
Ein bronsestatue av diktaren Ludvig Holberg framfor Nationaltheatret i Oslo. Saman med Holberg står to mindre bronsestatuar, alle kledde i 1700-talsklede. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjeldeoppgåve

Les utdraget frå epistel 395 av Ludvig Holberg. Her argumenterer Holberg for og imot sensur i Danmark-Noreg, og han endar opp med å argumentere for at det bør vere skrivefridom, men berre for vaksne menneske.

Kjeldetekst: Epistel 395 av Ludvig Holberg

Jeg har holdt på at skrivefrihet ikke burde tillates utenom for dem som har nådd en moden alder, og jeg er blitt styrket i dette, ettersom jeg i løpet av noen tid har sett unge personer, før de har fått skjegg på haken, føre pennen i den mest delikate materien, både politisk og moralsk? Det er om slike man bør si med David: La dem bli i Jeriko, til deres skjegg vokser.

  1. Kva var eigentleg Ludvig Holberg sine tankar om sensur?

  2. Kva seier denne kjelda om haldningane i Danmark-Noreg på 1800-talet?

  3. Korleis ville denne haldninga vorte motteken i dagens Noreg?

  4. Trur du det var nokon andre grupper i Danmark-Noreg på 1700-talet som skrivefridom ikkje gjaldt for? Kvifor trur du desse gruppene vart haldne utanfor, i så fall?

Kilde

Holbergsskrifter (utan år). Epistola CCCXCV. Henta frå http://holbergsskrifter.no/holberg-public/view?docId=epistlar%2FEpTom4.page&TOC.depth=1&brand=&chunk.id=bd4chap395

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 11.02.2022

Læringsressursar

Ytringsfridom, sensur og grenser