Hopp til innhald
Tverrfaglege tema

Førstegongsveljar: stortingsval

Skal du røyste for første gong? Er du lite engasjert i politikk? Har du gløymt kva partia står for? Her har vi samla det du treng for å forstå valkampen, komme deg opp av sofaen, ta eit val og delta i demokratiet.
Ein person puttar røystesedel i valurna. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vanlegvis har 18-åringar høg valdeltaking, men så søkk det fram til midten av 20-åra. Det er viktig at du tek ansvar og sørgjer for at unge stemmer bli høyrde i demokratiet. Unge har eigne interesser og behov som må bli representerte for at vi skal ha eit demokrati som er fungerer godt for alle.

Det kan vere vanskeleg å vite kva ein skal røyste på når det er første gongen. I læringsstien Ta valet! skal du finne din eigen veg til røysteurna. For det er mange måtar å tenkje på når du skal bestemme seg for kva parti som får valrøysta di.

I ein valkamp kan det bli overveldande mengder med informasjon. På TV går debattane i eitt, og i sosiale medium strøymer det på med reklame og meldingar frå politiske parti som ønskjer deg som veljar. Gjennom læringsstiane om digital valkamp og politiske debattar skal du bli betre rusta til å stille deg kritisk til alt du blir utsett for under valkampen.

Godt val!

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2021