Hopp til innhald

Elevdemokratiet

Elevdemokratiet handlar om elevrådet, men det handlar òg om at du som elev har rett til å påverke din eigen skulekvardag. Her kan du lære meir om kva elevdemokrati og elevmedverknad er, og klassen kan få hjelp til å komme i gang med val av tillitselev.
Ei stor forsamling ungdom sit i ein sal. Mange av dei held opp eit gult ark. Foto.

Kva er elevmedverknad? Kvifor har vi eit elevdemokrati? Korleis vel ein tillitselev? Dette er spørsmål du vil få svar på i dette opplegget. Demokrati er eit grunnleggande prinsipp i Noreg. Det handlar ikkje berre om storting, regjering, fylkesting eller kommunestyre. Demokratiet har òg ein naturleg plass i skulen. Du som elev skal ikkje berre lære om demokrati. Du skal oppleve korleis det er å ta del i demokratiet som ein aktiv medborgar på skulen.

De kan velje å gjennomføre heile læringsstien Elevdemokratiet. Då får de ei innføring i kva elevdemokrati og elevmedverknad er, og tips til korleis de skal velje tillitselev. De får òg høve til å reflektere rundt kva eigenskapar ein god tillitselev bør ha, og kvifor det er viktig med demokrati og medverknad i skulen.

De treng ikkje å gjennomføre heile læringsstien. Det er mogleg å plukke ut det de har mest behov for i klassen.

Andre ressursar om elevdemokratiet:

Elevråd.no

Elev- lærling- og mobbeombudene i Norge

Elevorganisasjonen

Elevrådshåndboka (Elevorganisasjonen)

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 11.11.2020

Læringsressursar

Elevdemokratiet