Hopp til innhald

Klassens time

Kva er viktig for dykk elevar? Kva treng klassen dykkar å jobbe med for å få det betre? Vil de ha hjelp til å meistre skulekvardagen? Bør de bli betre kjende med kvarandre? Treng de å ta opp ei viktig sak? Her har vi samla ein del opplegg som kan passe til klassens time.

Elevmedverknad i fokus

I klassens time bør elevmedverknad vere i fokus. Nokre av timane kan disponerast av klassen og leiast av til dømes tillitseleven. Timane kan òg brukast til meir lærarstyrte aktivitetar, men det er uansett viktig at klassen er med på å bestemme innhaldet. I dette emnet har vi samla nokre forslag til tema som kan vere naturlege å ta opp i klassens time:

  • elevdemokrati

  • skulestart

  • klassemijø

  • læringsmiljø

  • press og stress

Under kvart tema har vi forslag til økter på rundt 20–30 minutt som kan gjennomførast i klassens time. Vi har sett opp eit forslag til rekkefølge på desse øktene, men de kan velje å plukke og mikse som de vil.

Første klassens time

I den første timen i skuleåret kan det vere lurt å bli einige om kva klassens time skal brukast til. Det er lurt å lage ein plan. De må setje av tid til val av tillitselev i tillegg til å ta opp elevrådssaker, men det vil òg vere rom for andre tema. Bruk denne første klassens time til å sjå gjennom forslaga til tema og økter som vi har foreslått innan dette temaet. Kom òg gjerne med eigne forslag til andre tema. Ein måte å gjere det på, er å stemme over kva tema og økter de vil gjennomføre, eller ha ei spørjeundersøking.

CC BY-SA 4.0Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 14.08.2024